Sunniva tjue år
I dag var Sunniva ferdig med å vera tenåring. At ho nå er tjue år og må vera å betrakta som vaksen, er ganske rart. Sidan det var sundag, inviterte me dei i familien som kunne få det til, å koma til ei lita feiring i ettermiddag. Me laga tacos og tortillas med stånde buffet på kjøkkenbenken, slik at det var lov å setja seg der ein hadde lyst med maten sin. Nokre av oss sette oss ute i den strålande sola, andre fann det rett og slett for varmt, og ville heller setja seg rundt bordet inne. Sidan min golfspelande livspartnar hadde vore på golfbanen heilt til gjestene kom, overlot eg til han å ordna til kaker og dessert. Her er godsakene på kjøkkenbordet. Det litt tilfeldige kan vera heilt ok 😉 Smuldrepaien er med epler, blåbær og nyplukka rabarbra frå onkel Odd sin hage. Bløtkaka er frå 17.mai og tulipanane er plukka i den allereie nemnde hagen. I vente på norske bær er utanlandske jordbær og blåbær eit godt alternativ.
Den største overraskinga i dag for Sunniva, var at folkehøgskulevenninna, Eline, frå Kongsberg dukka opp på overraskingsbesøk. Eg har visst om det i over ei veke, men klart å halda det heilt hemmeleg for Sunniva. Me henta Eline i Stavanger i føremiddag, under påskot av at Halvard skulle ut og øvekjøra. Det var jo den absolutt rette dagen å få besøk av folk som ikkje bur her til vanleg. Sunniva kunne visa fram strendene og resten av landskapet her i tjuefem varmegrader og strålande sol. Det blir aldri feil. I kveld har ho og venninnene hennar feira dagen på Peppes pizza med ein herleg blanding av jenter frå ulike livsfasar. Etterpå kom dei hit med eit fat cupcakes som ei av jentene hadde bakt. Nå har jubilanten lånt bilen og kjører gjestene sine heim til Stavangerområdet og Figgen. Eg skreiv på kortet at eg håpa ho ville få ein dag som var endå finare enn ho trudde han kom til å bli… Det trur eg nesten ho har fått. Nå har eg lese meg opp på twittertekstane hennar og lurer på om eg skal gi meg sjølv ein twitterkonto til min eigen gebursdag. Det kan jo innvendast at eg har meir enn nok å skriva på i frå før. Motargumentet blir at det er bra for meg å bli tvungen til å spara på orda og skjera bodskapen ned til beinet… – Trur eg… Me får sjå.
Her er Sunniva og Eline som står klar til å opna avslutningsfesten på folkehøgskulen med ein song.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Kjærasten min, mai, Mat, våren


