Meir enn ord
Eg har akkurat skrive tale til gravferda til onkelen min, og har vikla meg inn i eit velkjend problem. Eg er redd det er blitt alt for langt. Eg må nok korta ned med hard hand… Det er synd, for det som står der er i grunnen det eg hadde hatt lyst til å seia. Eg får prøva å taima det med stoppeklokke i morgon… Eg ser at dei er blitt ganske nøye nå med både heimeeksamenar og universitetsoppgåver på at det ikkje får bli for langt. Kanskje eg burde lært meg for lenge sidan korleis ein fattar seg kortare… På eksamenar brukte eg å skriva så fort eg kunne for å få ned alt eg ville seia før tida var ute. Eg forstod aldri at nokon følte seg ferdige etter halve tida… Eg hugsar at eg skreiv forteljing i andre klasse, og at eg hadde for få ark i skriveboka, slik at eg teipa inn åtte brevark for å få skrive mest mogleg. Det verste var at eg var godt fornøgd og tenkte at det var bra å skriva langt. Stakkars norsklærarane mine opp gjennom tidene. Dei har fått lesa… Kanskje det er like godt at eg aldri vart prest, slik eg i grunnen hadde ganske lyst til ei stund. Eg har faktisk litt problem med å forstå det når eg høyrer at i nokre kyrkjer er politikken at ein gudsteneste ikkje skal vara lenger enn ein time…
Nå trur eg forresten at eg har nokonlunde kontrollen på gravferda. Eg trur det kan bli ei fin stund for å heidra ein person som avsolutt fortener det. Eg er jo litt redd for å bli overmanna av alt for mykje kjensler når eg står ved kista og skal halda tale, men slikt kan ein jo ikkje planleggja.
Ein annan ting er om me har kontrollen på forestillingane våre i morgon. Det blir tre i talet. Denne gongen ville det seg slik at me plutseleg måtte setja inn to reservar på veldig kort varsel. Dei har rett og slett fått bare ei veke på seg til å øva inn rollane, men dei er veldig flinke jenter som eg har henta inn frå den eldste dramagruppa. I dag har me hatt ei ekstraøving med dei, og eg trur det skal gå bra. Heia Kristin og Anna! Eg er kjempestolt av dokke. Om me ikkje hadde drive med barneteater og forestillingar så lenge, hadde me sikkert fått totalt panikk. Nå veit me at det aller meste let seg ordna om ein bare klarer å halda hovudet sånn nokonlunde kaldt.
Og akkurat nå i år så fortonar forestillingane seg litt meir bagatellmessige i den store samanhangen… Men eg veit jo likevel at heilt bagatellmessige er dei ikkje likevel. Her er det ungar som har øvd lenge og intenst for at dette skal gå bra. Dei fortener at me gjer alt me kan for at det skal bli bra. Og som det står i Pål sine høner: Kjeften og motet har hjulpe så mange…
Og at det er sant… Ja det er eg faktisk heilt overbevist om…
Heidi