Gå til innhald

Vannliljetankar

mai 21, 2013

Og om naturen

Eg veit at blomen i overskrifta eigentleg heiter noko anna på nynorsk, men nå brukte eg talespråket mitt. Eg liker vannliljer. Det er noko trolsk med dei, og noko veldig sommeraktig. Eg innrømmar at dette forografiet er frå i fjor, men nå er i det minste isen borte frå vatnet, så då kjem nok vannliljene etterkvart. Eg kjem plutseleg til å tenkja på at bestemor i si tid hadde ein rund vase som var berekna på å ha ei vannlilje i. Eg såg aldri vannliljer i den vasen. Kor skulle ho få dei frå? Onkelen min hadde ein draum om eit basseng i hagen, der han kunne ha vannliljer. På sida av skulle han ha eit solur med inskripsjonen «Räkna de lyckliga stunderna blott». Han fekk både bassenget og soluret, men eg trur det siste er utan inskripsjon. Bassenget har som oftast vore tomt, fordi han kom til å tenkja på kor forferdeleg det ville ha vore dersom eit barn forvilla seg inn i hagen hans og drukna der. Vannliljer kom det aldri i bassenget. Men eg hugsar at då eg framleis var eit barn og han fortalde meg om bassenget og vannliljene så høyrdest det ut som eit eventyr. Ikkje alle eventyr blir verkelege, og kanskje det er vel og bra. Mykje i livet gir oss kanskje mest glede i drøymeformat. Det har vore ein lang og møblert dag. Talen til i morgon er korta ned til det akseptable, og forestillingane med Astrid Lindgren- historier er gjennomførte og lagt i livsloggen. I natt sov eg dårleg fordi mor til ein av dei små skodespelarane sende sms om at ho ikkje hadde klart for seg når forestillingane skulle vera. Eg fekk det for meg at me kanskje ikkje hadde gitt god nok beskjed, og at ein god del av barna ikkje ville dukka opp. Eg såg for meg at medan publikum strøymde til i hundretal så måtte eg senda Jan Ivar rundt i bil i kommunen for å plukka med seg barn som hadde gløymt at dei skulle på scenen. Tankespinnet var heilt ubegrunna. Dei kom… Og for første gong har eg fått lyst til å finna ut kor strofa med de lyckliga stunderna kjem i frå. Kanskje det hjelper å googla?

Stilig! Sjå kva eg fann!

Her syng ho faktisk om eit solur.

og denne:

Räkna de lyckliga stunderna blott, är en svensk film från 1944 i regi av Rune Carlsten. Filmen är baserad på Guy de Maupassants novell Une veuve.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget