Dit där rosor aldrig dör

Dagen starta med tidleg frokost med Sunniva før me kjørde Halvard sin Pelle-bil til skulen. Sunniva har fått eit vikariat som lærar på språkstasjonen. I dag var me einige om at me hadde tid til å vera på jobb til klokka elleve, før me skunda oss heim for å gjera oss klare for gravferda, og så dra til kyrkja for å prøva mikrofonane og øva litt i lag med Torhild. For mitt vedkomande betydde det at eg fekk med meg dei tre trivelegaste timane i heile veka, kunst og handverk med andre klasse. I dag teikna me fantasidyr med grøne caran d`ache fargar på store ark som me dekorerte etterpå og malte med vannfargar. Det vart så fine bilete.
Eitt minutt før elleve, kom eg meg ned til bilen der Sunniva var på plass allereie. Me stoppa på butikken for å kjøpa oss svarte strømpebukser til dei svarte kjolane me skulle ha på. Då me kom ut i bilen att, fekk me ikkje til å starta før på tiande forsøket. Torhild hadde akkurat ringt til oss for å tilby seg å henta, så eg ringde henne opp og sa ja takk, sjølv om me nettopp hadde sagt nei takk… Det var ikkje tid og stad for å bli ståande verken i gardsromet heime eller på vegen ein plass med motorstopp. Me ankom kyrkja i god tid, det er alltid litt merkeleg å koma inn i ei tom kyrkje og sjå den pynta kista med fine blomar og tende lys framfor. Me hadde vald kvite og blå blomar i krans og kistedekorasjon og eit raudt blomsterhjarte frå «barna.» Pianoet stod heldigvis klar i koret, og etterkvart fekk me ein songmikrofon med god lyd i. Torhild spelar på ein måte som får fram Sunniva sin stemme veldig godt. Ho hadde lurt på om ho verkeleg klarte å gjennomføra det å synga solo i kyrkja med utsikt til kista og ein gråtande familie, men ho kjende at dette kunne ho greia. Eg tenkte at eg ikkje måtte la meg røra så mykje av songen at eg begynte å gråta sidan eg skulle ha tale etterpå. Det var ein vakker, nesten heilag stemning i kyrkja nesten ein time før dei andre skulle koma. Det kjendest fredeleg og fint å vera bare oss tre ei stund, og eg kjende meg takknemleg for at Torhild hadde klart å få til å vera saman med oss denne dagen.
Etterkvart kom resten av familien, og kyrkja vart fyld av liv og av gråt. Sunniva sat i armkroken min, og eg tenkte at jammen tek ein seg ganske god tid når kyrkjeklokkene kimer eit menneske farvel. Så snart kiminga slutta, gjekk Sunniva fram og song «Blå salme,» alt kjendest fint og rett, og eg tenkte; Dette blir som me har tenkt, dette blir ein fin og verdig sermoni. Me song kjærlighet frå Gud før presten tok i mot oss i Jesu namn. Så gjekk eg fram og haldt talen min, som eg hadde klart å forkorta frå femten til åtte minutt, sjølv om eg må innrømma at eg likevel tok med litt av det eg hadde stroke sidan eg nå eingong stod der. Det var lettare enn eg hadde tenkt å fokusera på oppgåva og ikkje la meg overvelda av kjensler. Det kjendest viktig for meg å få framføra tankane mine på ein roleg måte og avslutta med å lesa frå Gabriel Scott sin tekst om når fiskaren Marcus ligg for døden og kjenner at han er i stand til å tilgi alt og alle han skal tilgi, og så fara vekk i fred.
Etter talen min song Torhild «Dit där rosor aldrig dör», og det harmonerte så fint med det presten sa om den gode gartnaren som steller hagen og beskjer rosene sine, slik at det gode blir ståande att og nytt liv kan koma til. Det passa og fint å synga «No livnar det i lundar». Onkel Odd hadde gleda seg veldig til våren skulle koma for fullt, og blomar og blad skulle bryta fram av den kalde grå vinterjorda, som me hadde så sjeldan lenge nå i vår. Han nådde det nesten. Han sovna inn til snøklokker og krokus, og vart lagt til kvile i jorda under utsprungne bjørker og blømande frukttre.
Etterpå samla familien seg til kaffi og samver heime hos bror min. Ingen av ungdomane våre hadde eksamen akkurat denne dagen, så huset vart fullt av ungdomar i mørke dressar og svarte kjolar. Borda var dekka med kvite dukar og eit vell av blomar frå onkel sin hage. Blomsterbeda hans har eksplodert den siste veka, og greiner av brudespirea og fruktblomar frå plommehagen stod saman med rhododendron, kvitveis og påskeliljer. Me hadde bestilt smørbrød og marsipankake, og i onkel si ånd, store mengdar napoleonskake. Onkel som var veldig glad i kaker hadde eit spesielt forhold til napoleonskaker. Når han var så dårleg at han ikkje fekk i seg ein bit med mat, hende det at det likevel sklei ned eit stykke napoleonskake om han nå fekk sjansen… Så i dag hadde arrangementskomiteen, i dette tilfellet meg og syster, bestemt at det var rituell avspisning av napoleonskaker, så fekk det heller bli nokre ekstra steg på tredemøller og golfbanar etterpå.
Det vart eit vakkert farvel, som vart avslutta ved at eg og syster tok ein tur nedom hagen til onkel for å plukka blomar me kunne fylla stovene våre med. Etterpå kjende eg at eg var skikkeleg trøytt, på same måten som når ein står på ein fjelltopp og ser utover landskapet. Når nokon døyr frå oss, tenkjer eg at dei legg frå seg kroppen sin som dei ikkje har bruk for lenger. Dei tek han av seg som ei gammal velbrukt skjorte, takkar for fylgjet og går gjennom den siste grinda. Så gir me den utslitne kroppen tilbake til jorda, pyntar med blomar, syng vakre songar og takkar for den tida me fekk gå i fylgje med dei. Det er trist, men etter loven i naturen, i himmelen og på jorda.
Her er ein usedvanleg vakker sang som ender ved den siste grinda:
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., mai, Mat, Musikk, Natur, sommar, sorg, våren