Gå til innhald

Eg fyller viss år i dag dersom eg tenkjer meg om

mai 23, 2013

barna mine konfirmasjon Tonje

Og heime hos oss er det tradisjon når mamma fyller år at ho blir vekka av sine stivpynta barn, som har med namneskilt i tilfelle ho skulle ha gløymt kven dei er… For slik er det hos oss…
Eg må vel innrømma at dette biletet er i frå Tonje sin kofirmasjon i fjor på desse tider, og at eg tilfeldig kom over det då eg leitte etter eit bilete for å illustrera denne dagen. Sjeldan har vel ein gebursdag vore så lite påtenkt som den i dag. Eg var overraska over at nokon hugsa det i det heile tatt, for sjølv hadde eg nesten gløymt det oppi alt det andre som har skjedd og har skulla ordnast. Men mannen i mitt liv dukka opp på kjøkkenet då eg åt frokost med mange fine sommarblomar, som akkurat nå står på verandaen med den jorda dei stod i då dei vart kjøpte. Den eine er ein stor fin duftlavendel. Eg får ordna det skikkeleg til der ute etter kvart. Ein eller annan sommar i livet mitt må vel bli ståande som hagesommaren, den sommaren me fekk skikkeleg dreisen på hagestell…

På jobb var eg skikkeleg trøytt, ikkje sliten eller utmatta, men rett og slett veldig søvnig. I siste time sat eg saman med klassen, og skulle høyra på at Helen las høgt for elevane. Eg var fleire gonger ein millimeter frå å sovna frå opplesinga, kanskje eg til og med var ein millimeter over grensa av og til. Eg kan aldri før hugsa at eg i mine 27 år i skulen har sovna i ein skuletime. Etterpå sat eg og skulle retta elevtekstar, og rykte til fleire gonger av at handa med pennen sklei ut av linjene, fordi eg nesten sovna.Eg er glad for at eg har vald å ikkje ta att avspasert undervisning denne fredagen, i morgon skal det bli ein vederkvegelse å sleppa å bli vekt av ei vekkjarklokke litt over seks.

Før ettermiddagsundervisninga som eg skulle ha sidan det var torsdag, tok eg meg ein tur ut i den kjølege vinden og livna til litt. To av skriveelevane mine kom med roser og heimelaga kort sidan dei hadde sett på facebook at eg hadde gebursdag. Eg vart oppriktig rørt over omtanken. Sjølv hadde eg handla inn skulebollar, kjeks og jordbær som me kunne kosa oss med på skrivinga sidan det nesten vart eit slags gebursdagsselskap. Me skreiv løvetanndikt og livsbejaande tekstar og hadde det fint. Ofte er eg ganske sliten når eg kjem til undervisninga i skapande skriving på torsdag kveld, men eg opplever nesten alltid at det å sitja og laga tekstar i lag med ein gjeng ungdomar gir ein eigen energi.

Eg hadde bedt han eg deler livet med om å senda ein liten sms-runde til barna våre og foreldra mine om at viss nokon hadde lyst til å vera saman med oss og feira dagen litt i kveld, så var dei velkomne. Så ende me med å vera ein liten gjeng rundt bordet i dag og, Sunniva kom frå kafejobben med ein liten gråpapirpose i anledning dagen med to flasker sprudlelimonade og gode speltkjeks med sesamfrø. Alle var litt slitne etter gårsdagen, så det vart ganske så fredeleg det heile. Det var fint å vera saman.

Å ha venner på facebook gir jo alle gebursdagar eit skikkeleg løft. Tusen takk for koselege helsingar alle saman. Kanskje eg klarer å svara på dei i morgon…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget