24.mai
Det var veldig deilig å ikkje måtta vakna tidleg til ein veldig travel dag. Ein sein frokost med kaffi, rugsprø og eit par aviser saman med Sunniva passa meg heilt perfekt. Etterpå gjekk ho og eg ned til treningssenteret for å trena saman med Irene. Det høyrest nesten ut som første dagen i mitt nye liv, og kven veit.
Eg hadde lova Ingrid at me kunne jobba litt med pedagogikk i dag, og plutseleg hadde heile dagen gått sånn omtrent. Ho held på med å skriva ein bacheloroppgave om urolege gutar i skulen, og sidan eg har litt erfaring med akkurat det, så er det fint med litt kolokviearbeid. Det er fint å halda seg sjølv litt oppdatert og. Det er kanskje litt skremmande at det framleis er dei ideane som sikkert var nye og friske då eg begynte på lærarutdanninga i 1980, som framleis pregar mine idear om kva som er god skule. Etter ein del år i bransjen har me fått fylgja pendelen fram og tilbake under den store pedagogiske skuleklokka, som stadig vekk skal justerast til det som for tida er godt og rett. Det finst veldig mange interessante bøker om pedagogikk. Dessverre trur eg det er nokså begrensa kva den gjennomsnittlege læraren får tid til å lesa til ei kvar tid. Det er alltid så mykje forefallande papirarbeid og for- og etterarbeid som må koma først, men når eg set meg ned for å lesa, slik som i dag, så kjenner eg at litt fagleg påfyll ikkje er så dumt.
Etter at Sunniva kom heim frå jobben sin med nybakt brød, salatar og nyinnkjøpte jordbær og druer, sette eg og jentene mine oss ned for å sjå film. Me er litt uderernærte på å vera i lag sidan Sunniva stort sett har vore borte det siste året. Eg hadde tenkt å få jobba ein del med eigen skriving i dag, men plutseleg var dagen bare blitt borte. Eg trøyster meg med at eg nok trong ein slik dag nå. I morgon blir det ein fin dag, trur eg. Nå skal eg leggja meg slik at eg får sove litt i helga. Neste veke blir meir enn travel med to planleggingskveldar på skulen, eit foreldremøte for første klasse frå hausten og to dagar med teaterforestillingar. Det blir sikkert fint.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, mai, Mat, våren