28 år i dag
Så lenge er det sidan eg plukka liljekonvall i full fart i hagen til bestemor for å få meg brurebukett før kyrkjeklokkene ringte. Kjærasten min var ved å få panikk med tanken for å koma for seint til kyrkja, og foreslo at me skulle dra utan bukett… Heldigvis haldt forlovaren min, Sissel, på ro og tanke og sette saman buketten i bilen på veg til kyrkja. For ordens skuld, i fall nokon skulle tru det… Dette brureparet er ikkje oss. Det er farmor og farfar. Eg vil tru at dei gifta seg nærmare femti år før oss, men fine er dei.
Farmor sin kjærleik til farfar må minst vera førebiletleg. Ho var ikkje alltid einig med han, men eg trur det er rett å seia at han verkeleg var helten i livet hennar. Ein gong for lenge sidan, då me hadde bare eit barn, trur eg, skulle me overnatta hos farmor og farfar. Me hadde kjøpt oss ny reisebarneseng på Ikea, og nå skulle ho takast i bruk. Det var ikkje av den aller enklaste typen som ein bare slår opp, denne måtte setjast saman med teltliknande stenger, og så skulle senga drast inn på stengene etter eit visst system. Kjærasten min sveitta over byggverket og arbeidsteikninga, og det gjorde det vel ikkje betre å ha ei hendig og teknisk begava svigerbestemor kikkande over skuldera… Eg såg plutseleg løysinga, og prøvde å ta over det heile. Då sa farmor bestemt: «Nå går me ner og drikke kaffi, Heidi, så får han gjera seg ferige i fred. » Då eg kom ned sa eg at eg plutseleg hadde forstått korleis senga skulle byggast. «De såg eg og for lenge si,» sa farmor, «men det e beste atte mannfolkjå får finna ut av slike ting sjøl…» Eg veit ikkje om det kan gå under beteikninga «erfaringsoverføring i kvinnelist», men eg ser ikkje vekk frå det. Då eg såg farmor for eit par veker sidan og ho låg avkrefta i senga på sjukeheimen, sa ho til meg. «Nå må du stedla godt med den kjekke mannen din, Heidi»… Så visst likna ho seg sjølv, sjølv om ho ikkje lenger var oppe og sprang, slik ho har gjort nesten heilt til nå.
Og me har feira dagen med ein tur på Kjøkkenet, restauranten der Sunniva jobbar. Me åt «vårtallerken» og kikka på folk. I dag er det Jærdag og yrande folkeliv. Me har vore på gratiskonsert med admiral P, kjøpt to hollandske ostar i gågata og to gourmetbrød på kjøkkenet. Eg har fått ein ny raud ostehøvel frå ein LO-mann som delte dei ut i gata, og eg har klemt diverse av elevane mine som og var ute i marknadsgatene. Akkurat nå har Kaizers Orchestra konsert nede på torget, men eg kom aldri så langt at eg fekk kjøpt oss billettar. Eg opna verandadøra for å høyra om me kunne få ein luftboren gratiskonsert, men det einaste me kan høyra er bass og rytmer.
Elles var det lunt og godt på Ingrid sin terrasse. Det begynner å likna på sommar nå. Ute er det grønt og fint, og sommarkjenslene begynner å kribla under huda. Framleis er det nokre veker til sommarferien, men dei kjem til å gå fort, kjenner eg tida rett.
*
Den er klok
som veit når det skal teiast
og når det skal talast.
Lær meg å skjøna forskjellen.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Farmor, Kjærasten min, mai, sommar

