Snart sommar
Det var blitt så grønt og fint ute i dag, så eg tenkte me fekk by på eit sommarbilete og gle oss til prestekaragar og kløver, som burde vera der ein stad bak svingen. Familien min bugnar av flinke fotografar, så det er ikkje ofte eg må trykkja på avløysarknappen sjølv. Eg fekk ein ZTE-mobil til jul, og tenkte at nå kunne eg for første gong fotografera litt. Det dumme er at kvaliteten på bileta er så dårleg at eg ikkje har heilt lyst til å vera bekjent av dei. Dette biletet tok svoger Henrik i sommar for at eg skulle ha eit bilete eg kunne ha bak på diktboka mi «Fotnoter i sanden.» Eg liker å tru at det er omtrent slik eg ser ut, men ein dag såg ein av elevane mine boka med eit liknande bilete bakpå, som eg hadde teke med meg til klasseromet fordi ein kollega ville ha ho… «Ken æ hu damå på billede, Heidi?» «Dæ æ mæg, ser du ikkje dæ?» «Nei… – Du va fine på dæ billede, dæ ligna ikkje på dæg! » Nei, då så… Men boka sel eg faktisk framleis eksemplar mest kvar einaste dag. Nå i kveld ringer det snart på døra fordi det er ei som vil kjøpa tre stykker, og i forgårs då eg var innom ein av dei lokale bokhandlane, spurde dei om eg ville koma innom med fleire fordi dei var utselde. Det er veldig kjekt, og faktisk litt overraskande at bøkene flyt ut på den måten dei gjer. Eg blir inspirert til å kanskje laga ei ny diktbok i løpet av sommaren.
Men det var ikkje det eg hadde tenkt å skriva om. Det er bare min vanlege frie flyt av tankar som slår inn når eg er litt sliten og let fingrane gå på eiga hand. Nå held eg forresten på med ei anna bok, ei bok med tekstar dei seks skriveelevane mine har laga i løpet av skuleåret. Eg synest i grunnen at elevtekstar er ein undervurdert sjanger. Kanskje eg skal by på ein smakebit?
Løvetanndikt 1
Ei fallen stjerne,
livets gåve,
blomstrar
gjennom regn og vind.
Eit lite gult håp,
blomstrar så det brenn
strekkjer seg mot skyene.
Fang dei stigande stjernene.
Silje
Det har vore ein fullfartdag med planleggingsdag etter undervisninga. Eg sørger litt over at eg ikkje får halda fram med dei same elevane neste år, men når me er i gang med å bli kjend med planane og elevane, så kjenner eg at dette blir fint og spennande dette og…
Etter jobb vart det ein øvekjøretur med Halvard. Me la løypa innom mor og far. Det er fint å sjå at mor kjem seg etter operasjonen. Halvard kjører bra, så viss han ikkje er uheldig, så trur eg han har sertifikat om ei drøy veke. Før det har han tre eksamenar, så me får håpa det går bra alt saman… Innimellom har han fått det ærefulle oppdraget å filma kronprinsen når han kjem på besøk om eit par dagar. I morgon skal han få lynkurs i korleis oppgåva skal løysast. Det han har fått vita til nå er at ein ikkje går med caps når ein filmar kongelege… Det er jo ein grei start.
Ein kopp te med Hanne Lise vart det og tid til sånn på tampen. Det var koseleg å sjå henne.
Og nå har eg ein time med filosofi å førebu før natta innhentar meg…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., Livet og alt ein burde ;-), mai, Poesi, Skriving, Skule, sommar


