Alt du har levd
Eg prøver meg med litt spontanlyrikk,fordi eg eigentleg er for trøytt til å skriva så mykje anna fornuftig. Eg trur teksten under blir til eit ekte dikt ein dag, i kveld er det ei litt uferdig råskisse. Dagen har vore lang, god og innhaldsrik. Eg har fått med to lange og interessante møte, ein tur med elevane i nydeleg sommarver, ein lunsj med Jan Ivar, ein generalprøve og ein urpremiere på det stykket me har sett opp med ungdomsdramagruppa vår. Nå er det ikkje så mykje att av meg, men sola skin så fint og det er herleg sommarkveldtemperatur ute. Eg håpar Sunniva, Irene og Erik Mikal tilgir at eg har brukt eit teaterbilete av dei som illustrasjonsfoto. Eg liker dette biletet veldig godt.
*
Alt du har levd
ber du med deg.
Ein tyngde mot akslene,
ei kraft i ryggrada,
ein styrke i leggane
som presser føtene dine mot jorda,
den du ein gong er teken frå,
den du ein gong skal tilbake til.
Du ber på eit liv
som tyngjer hendene dine,
og som gjer eit streif
av vemod til songane dine.
*
Alt du har levd,
alt du har elska,
alt du har ledd, lengta
og gråte ut,
løfter deg,
ei oppdrift i hoftene dine
fjørlette venger på akslene,
lette bobler
av lått frå nederst i magen,
held deg oppe,
løfter deg
gir deg panoramautsikt
over kvardagane
og kirsebærtrea
som blømar i år igjen.
Løftar deg mot det heilage
som alltid har halde deg oppe
og ein gong skal fylla deg heilt.
*
Og langsamt blir du ei bøn
om dette som heiter å leva.
Heidi

