Gå til innhald

Ein dramalærar går i land…

mai 31, 2013

soldatar

Dette er ein dag som ber med seg ei viss grad av vemod, men og ei viss grad av lette. Nå har eg hatt mi siste forestilling som dramalærar. Den nye versjonen av vårt sjølvlaga stykke «Jentegarderoben», har gått over i minnearkivet etter to dagar med forestillingar. I dag hadde me to stappfulle hus med elevar frå ungdomsskule og dei eldste klassane i barneskulen, og det gjekk veldig bra. Når eg les meg bakover i mitt eige mai-arkiv her på sporisand, ser eg at eg er innom mange av dei same roma kvart einaste år. Eit av dei er spenninga rundt ulike teateroppsetjingar og det travle livet med førebuingar til premierer. Nå er det eit avslutta kapittel. I alle fall i denne omgangen…

Eg tur det er tolv år eg har vore dramalærar i kulturskulen, eller kanskje det er tretten? I tillegg hadde me tidlegare store teateroppsetjingar som satsningsområde på vår skule i ca tolv år. I mange år har eg vore medansvarleg for 4-5 store barneteaterproduksjonar kvart år, og mange av dei har eg skrive manus til. Det har vore veldig spennande, utfordrande og arbeidskrevjande, spesielt sidan det bare har vore ein liten del av eit vanleg lærarliv, med alt eit vanleg lærarliv ber med seg. Og nå kan eg jo røpa at eg faktisk har fjuska i faget som nokså ufaglært i drama-teater. Det einaste eg har er ei vidareutdanning i forteljarteknikk som absolutt er relevant, elles så har eg støtta meg på samarbeidet med Jan Ivar som i tillegg til å vera lærar er utdanna skodespelar, og dermed fagmann,. Eg og han har operert i lag i veldig lange tider, heilt sidan han kom til skulen vår som ung, langhåra sivilarbeider og skulle hjelpa meg med ei garborgforestilling i femteklassen min. Kvar tysdag har me styrt med øvingar, me har sydd ballkjolar, lakka Askepottsko, korreografert, dansar, vore på endelause leiteturer etter sære rekvisittar og laga kviskrande brønnar av vaskebaljar, ståltråd og malt gråpapir. Som ein uunverleg hjelpar har Stg trådd til som lydmann og elles laga likkister av glas, bardiskar og dodører til oss når me to kom til kort reint handverksmessig. Me har framleis ei glaskiste i bomberomet, som ville kunna få ein kvar innbrotstjuv til å fæla stygt… I tillegg har Jan Ivar og eg reist rundt i sikkert fem sesongar som eit ledd i «Den kulturelle skulesekken», med eit forteljarteater om HC Andersen sitt liv og sine eventyr, der me sjølv spelte alle rollane. Etter kvar forestilling fekk elevane vera med og laga teater over eventyra om Prinsessa på erten, og Keisarens nye klær. Me reiste rundt på glatte vegar med ein bil stappfull av kostyme, rekvisittar og av alle ting eit gammalt høgdehoppstativ.

Det var Jan Ivar som først kjende at nok var nok. At det krev både sine menn og kvinner å gå laus på nye store prosjekt kvart einaste år, og samstundes halda entusiasmen oppe. Sjølv tenkte eg at eg ville hald fram, men når eg fekk tenkt meg om, kjende eg som det står i skrifta at det er ei tid for alt. Eg må innrømma at arbeidsvekene mine med to dagar med jobb frå tidleg morgon til utpå kvelden, kan kjennast ganske heftige. I tillegg har eg jo takka ja til kunstformidlingsprosjekt og andre formidlingsprosjekt for skular, og eg har vore frilansar på ganske mykje anna i tillegg til å leika litt diktar innimellom. Eg har lenge kjend at døgna mine er for korte. Frå neste skuleår skal eg faktisk ha betre tid til alt som er godt og kreativt og sunt og rett…

Så nå kjem det ei tid for noko anna, sjølv om eg ikkje kan garantera at eg aldri meir vil ta i ein teaterproduksjon. Ei svært velutdanna og entusiastisk dame står klar til å overta dramalærarjobben min. Det blir spennande å sjå på frå sidelinja. Nå får elevane nye impulser, og eg er heilt trygg på at det blir bra.

Men det var kjekt at dei siste forestillingane gjekk så bra som dei gjorde. Eg må innrømma at det varma då ei av dei flinke teaterjentene mine kom og gav meg ein klem og sa at ho syntest eg hadde vore ein veldig flink dramalærar. Det er slikt ein ikkje alltid er heilt overbevist om sjølv. Kvar einaste år tenkjer eg når eg sit på første benk og er ferdig med å vera klar som sufflør i tilfelle dei treng meg, at «dette var faktisk verd alt slitet før me kom i mål.» Nå lukker eg døra og kjenner at det er rett.

Og som kvart år er eg tilstrekkeleg utlada når me er vel i mål. Denne veka har det vore både dag- og kveldsjobbing dei første fire dagane. I dag morges var eg så fokusert på teater at eg hadde sykla fleire hundre meter på veg til jobb, før eg litt forvirra kjende at eit eller anna ikkje stemde. Det tok nokre sekund før det gjekk opp for meg at eg hadde gløymt brillene heime. Det er ganske godt gjort så lenge styrken i begge glasa er på «meir-enn-minus-tre.» Etter jobb var eg på kafé i lag med dei eg skal jobba med i første klasse. Det var veldig triveleg. Vel  heime landa eg i senga for å slappa av bittelitt, og ende med å sova i tre timar. Det gjorde godt. Ulempa med maratonprosjekt utanfor heimen er at når ein utlada og lukkeleg vender tilbake,  så står arbeidsoppgåvene i kø. Nå skal eg ta fatt på rydding av kjøkkenbenk og kjøleskap, så får klesbretting, golvvask og blomsterbed koma etterkvart. Mannen i huset rettar eksamensoppgåver, Sunniva har to jobbar samtidig, og yngstemann er midt i sine eksamenar, så her kan ein ikkje vera primadonna og rekna med at alt ein pleier å gjera blir ordna av andre. Elles så har eg eit manus å skriva ferdig og litt iop-arbeid med meg heim i helga. Pytt pytt.

pippijentegarderoben

Desse to siste bileta er frå dei to siste forestillingane nå i mai, og stolne frå kulturskulen si heimeside. «Frå Pippi til Dei Grøne Engers Øy» overst, og «Jentegarderoben» nederst Eg håpar ikkje nokon tek det ille opp at eg smuglar dei inn i bloggen min, så lenge eg ikkje legg desse situasjonsbileta ope inn på facebook. Eg vil jo så gjerne visa fram kva me held på med…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget