Gå til innhald

Eg fann dei att, men kva med tida?

juli 3, 2013

Ingrid fem årIngrid lita kåpe og matboks Ingrid og Odd Christian Ingrid og farmorI dag har me feira denne flotte jenta. Ingrid er faktisk 24 år i dag. Først feira me ho og Vilde med eit kafebesøk. Så varta ho opp med bløtkake og nysteikte lappar heime i Lonarmyra. Det er godt at bileta frå alle åra som har gått framleis finst både på harddisken og i hovudet mitt.

For tida går så fort. Noko anna eg heldigvis fann att på harddisken var dikta mine. Eg har skrive mange dikt i vinter, skrive dei og gløymt dei. Her ein kveld skulle eg finna dei, og vart svært bekymra då dei var borte vekk. Eg ante ikkje kva filnamn eg hadde lagra under, for eg tenkte det var bare å bla seg tilbake og få opp alle filene på maskinene. Så enkelt er det ikkje, eg har nå lært at filer kan drukna i havet når det blir mange nok av dei. Eg leitte og leitte. Eg trudde eg måtte ha minst 30-40 dikt der ute ein plass. Første kvelden fann eg ingen, men i dag fann eg sikkert hundre. Nokre av dei handla om nettopp dette at tida går. Kanskje desse rare små tekstane kan finpussast og brukast til noko. I alle fall vil eg bruka eit par av dei akkurat nå og akkurat her. Så får me vel sjå kva som hender sånn etterkvart…

*

I stripete fangedrakt

stel eg tid

timar frå nettene mine

halvtimar frå dagane mine

Som eit godtesjukt barn

løftar eg

lydlaust

fingernemt

etter lang trening

loket av den prikkete kakeboksen.

Så grafsar eg til meg

timar som ikkje er mine,

slafsar dei begjærleg i meg,

til klokka har gått for mange rundar.

Vel vitande

at ho, den flinke jenta

som pustar bekymra

ein stad der inne under huda

må betala dyrt

***

For ikkje skal eg
springa etter minutta
eller halda sekunda
fast i halane.
Eg for min del skal roleg
bli ståande.
La dei koma til meg
alle saman
La dei promenera høgtideleg
forbi slottsbalkongen
der eg kan stå og venta
viss eg vil.
Så skal eg heva blikket
og sjå tida rakt i auga.
Eg skal sleppa
håret ut
og smila
til biletet i spegelen.
Så skal skjera
grådig av tida
med ostehøvel
utan å tenkja på
at ho kan ta slutt.
***

Du skal skrella
dagane dine
som store, mogne
appelsiner,
laga noko fint
av skalet,
elefantar kanskje?
Få det heile til
å henga saman,
i lange oransje remser,
medan du
full av ettertanke
smattar i deg
solfargen.
Knuser
små saftkapslar ettertenksomt
med tungespissen
mjukt mot ganen din,
om nokon spør deg
kor tidene dine bur,
svarar  kan hende
stemmen din
heilt aleine
frå langt der inne
til di forundring:
Tidene mine bur
i hendene til Gud.
***

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget