Annleislandet
Eg sit her og jobbar med dei gjenfunne dikta frå i går. Eit av fleire tema er «annleislandet». Dette er noko som eg faktisk brenn etter å få formidla, fordi det er motstraumstankar i ein kultur der me skal få, dyrka oss sjølve, prestera, vera vellukka og ha vårt eige velvere i fokus. Annleislandet er staden der ein slepp å bruka mykje krefter på å finna ut kva for ein shampo ein verkeleg fortener å få vaska håret sitt i. Det er mogleg desse dikta er litt uferdige, men eg tek med nokre av dei likevel. Om halvannan veke skal me på Korsveifestival. Det er ein fin stad for å utforska tankane om annleislandet.
Annleislandet
For visst bur eg i annleislandet
eg kan leggja meg ned i grønt gras
midt på vinteren.
Eg kan bu i stilla med heile meg.
Eg drikk av det ordlause og får ikkje nok.
Eg leiter meg fram til pausane
mellom linjene i livet.
Eg let den heilage stilla fylla meg,
bera meg, ta vare på meg .
*
Som eit lite barn
lener eg meg mot tilliten
og blir boren .
*
Eg treng ikkje det perfekte.
Eg treng ikkje alle tinga.
Det eg treng er avstanden
mellom notelinjene i partituret.
Heidi
***
Mysteriet
For eg skal sleppa å stå på tåspissane
sleppa å løfta namnet mitt
opp til stjernene og til himmelen.
Mysteriet heng ikkje i stjernene,
mysteriet er stilla mellom notelinjene,
er i orda skrivne i den varme sanden
er i lukt av jord og gras
når du ligg der på magen, pladask i sommar.
*
Eg skal leita fram puslespelbitar
og roleg leggja dei ned på bakken,
så skal dei andre koma med sine,
eller kanskje dei har vore der allereie.
Eg skal smøya buar og taggar
forsiktig på plass
*
Etterpå skal me stå der saman
smilande i ein ring og roleg sjå,
sjå biletet veksa fram.
Heidi
***
Vera glade
Me skal vera glade
for at me akkurat nå
alle saman kan stå her
barbeinte eller på gummistøvlar
og sjå biletet bli som det skal vera.
*
Meir er det ikkje å seia,
så me kan like godt ta fram gitarane
og synga resten av kvelden.
*
Der er alltid nokon,
ein eller annan,
i leopardkåpe, fjellanorakk
eller kanskje oransje regnjakke,
som bare veit
kor tonane skal liggja
og skapet skal stå.
*
Men songane eig me saman.
Me skal synga høgt og falskt
eller som ekte englar,
heilt til piggsvina og nattuglene
kikkar forvitne fram frå tre og steinar.
*
Me skal synga
av rein glede og livstrass
heilt til dagen smeltar saman med kvelden
og blir til natt.
Heidi
