Gå til innhald

Dramatisk

august 4, 2013

uversskyer

I dag er det eit heilt fantastisk ver dersom ein likar det dramatiske. Det har lynt og tordna like over hustaket, og regnet har truffe verandaplankane med små kontante plask før det har sprutte ti cm opp att. Det var så gale at me måtte trekkja ut kontaktane til datamaskinane. Eg sette meg i døropninga med kaffi for å sjå på teateret. Så prøvde eg å fotografera, men er usikker på om eg fekk til noko som kan likna på det verkelege synet. Eit skikkeleg uver i august er litt av ei forestilling. Nå brakar det at som av tunge vogner der oppe over skyene, men eg har bestemt meg for at det verste er over nå, slik at eg kan skriva litt…

***

Frustrasjon

Her hadde eg skrive eit veldig langt innlegg som eg snart skulle posta, og så forsvann alt saman. Truleg på grunn av eit eller anna relatert til uveret. Eg kan nesten ikkje tru det, og føler nesten sorg over at meir enn ein times arbeid bare forsvann. Autolagringsfunksjonen ser heller ikkje ut til å vera i funksjon. Plutseleg var skjermen tom, og det nytta ikkje å trykkja på angreknappen… Så var det vel ikkje så viktig då, i alle fall ikkje i den store samanhangen. Eg hadde skrive om Sweeny Todd, om religionsdebattar på nettet og om radioprogrammet eg høyrde om guten som hadde konvertert til islam fordi han etter å ha opplevd mange dødsfall og alvorlig sjukdom i heimen, tenkte det måtte vera noko meir. Han ville gjerne bli eit betre menneske, og eit av skritta på vegen var å finna ut om religionane hadde noko for seg eller ikkje. Han begynte med å oppsøkja ein imam, fordi islam var den religionen han var heilt sikker på ikkje var noko for han. Imamen møtte han med klokskap, god tid, tålmod, pizza og kaffi. Det vart mange samtalar, som ende med at han konverterte til islam. Då foreldra fekk høyra det, reagerte han med vantru,  sorg og sinne, men nå støtta dei han fordi dei såg at religionen hadde gjort noko positivt med han. Mora sørga framleis litt over at det ikkje var i kristendomen han hadde funne det han leitta etter.

Eg siterte Martin Lönnebo, og skreiv at dette er så motkulturelt at det sikkert kan opplevast provoserande.

«Søk ikke etter glede, søk Gud, søk ikke etter glede, søk å glede andre… … Må fredens Gud være med deg, kjære venn. Bli ikke trett.»

Oscar og Cleo i døropninga

Og heilt til slutt, ja dette blir eit rart og forkorta «Hummarogkanariinnlegg». Dagens poet frå bokhylla. Han heiter Keld Belert og er dansk. Diktsamlinga er frå 1978, og eg trur eg fann ho i ein kasse med brukte bøker ein stad i Danmark for 3-4 år sidan. Det er ei fin lita bok, prosalyrisk i stilen som handlar om det å oppdaga at kona har funne ein annan mann… Boka heiter «Den fælles brødrister», og her kjem ein smakebit:

Jeg tåler ikke din medlidenhed
jeg vil ikke elskes
fordi du synses det er synd for mig
fordi du ikke vil gøre mig ondt
jeg vil elskes fordi jeg leder efter
en klokketone
dybt inne i dig
fordi jeg aldri holder op med at lyttetil dig
jeg lægger øret til dit brystom natten
og hører dig fjærnt derinde
give lyd
synge
og jeg drømmer om

at det er til mig

  • Keld Belert

Heidi

From → Filosofi, sommar, Tru, veret

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget