Gå til innhald

Siste ferieveka

august 6, 2013

Stavanger

Siste ferieveka skal nytast i fulle drag. Som eg alltid gjer i august, så lurer eg på om dette frie livet nesten utan klokke, avtalebok og mobiltelefon verkeleg let seg transformera til det vanlege fullmøblerte A4 livet, eh nei, forresten, ikkje A4 når eg tenkjer meg om, men dette fullmøblerte livet eg vanlegvis lever der det meste er timeplanfesta utan alt for store sjansar til store sprell… Men det går kvart einaste år. Etter tre dagar på jobb, så forstår ein at ein framleis hugsar korleis ein beter seg som lærar, og har nesten gløymt at ein nokon gong har hatt ferie. Nå er det store spørsmålet om dagane skal brukast til veldig fornuftige ting slik at alt er bort i mot velordna til skuleklokka ringjer, eller skal det brukast til det meir ufornuftige «Ta livet som det faller seg-konseptet». Det får vel bli ein slags kombinasjon, slik det ofte blir med meg. «Ja-takk-alt-saman», for å overgå sjølvaste Ole Brumm.

Før skulen startar skal eg senda Sunniva til Bolivia, og det er jo og eit prosjekt for seg sjølv. Ikkje å senda henne, for ho er fullt ut i stand til å senda seg sjølv, men det å gjera seg sjølv klar til å gi slepp på henne slik den gode mora alltid gjer det i eventyra. Nå skal eg nyta desse dagane eg har henne heime, så skal eg opna armane og la ho fly. I dag har me to vore på jentetur i Stavanger. Biletet over er eit illustrasjonsfoto frå kjærasten min sitt lager. Himmelen i dag var på langt nær så blå som han er på biletet, men til gjengjeld var det nok varmare. Tjue grader og høljeregn er i grunnen ein ganske sjarmerande kombinasjon. Sunniva har kjøpt seg strikkegenser frå Fretex, ho har ein forkjærleik for varme ullgenserar. Eg skulle i grunnen ikkje ha noko bestemt, men kom heim med ny jakke, veleigna for turar og uteleik i første klasse, med ny blå kjole og to singlet-under-kjolar i tillegg til ein treningstopp i knallrosa og knallilla. I Danmark kjøpte eg to treningsbukser, så nå skal det ikkje stå på utstyret. I tillegg kjøpte eg filmar på dvd, sjølv om kjærasten min meiner dvd eigentleg er heilt avlegs. Me skal nemleg ha jentetid og sjå VIctoria og fleire filmar me har lyst til å sjå før flyet lettar sundag morgon.

Me åt deilig lunsj på «Deja vu», kongerekesalat med coucous, brød og aioli. Me kikka på folk og filosoferte over livet, både vårt eige og dei me såg sine. Så diskuterte me om det er noko i alle menneske som gjer at ein kan bli glad i dei om ein bare blir kjend med dei. Det har vore eit av mine postulat heilt sidan eg var tenåring, men i veldig mange menneske sine øyre høyrest det naivt og forenkla ut. Sjølv påstår eg at det ikkje er naivt, at det er noko som ligg bak naiviteten og stikk djupare. Men eg står framleis for at eg sjølvagt ikkje liker alle sidene og alle handlingane til ein kvar person, men i alle menneske er det noko som gjer at ein kan bli glad i dei om ein vågar å møta menneska med eit ope sinn. Det må vel sortera under dei store spørsmåla i livet. Til dei enklare gledene høyrer det å eta softis i regnet. Softis er for meg sjeldan luksus, og det at det regnar toppar opplevinga av å innta eit «Verkelegpåkantenmåltid».  Og snart er det «striskjorte og havrelefse» som dei gamle uttrykte det.

frokost

Og dette får bli eit illustrasjonsfoto over livet frå neste veke av, ein god og fornuftig, men dessverre alt for tidleg start på dagen… Eg har nemleg lært å akseptera at flinke gode samfunnsborgarar stiller opplagde og glade på jobb seinast kvart på åtte om morgonen og at dei ikkje fer og vasar med skriving og annan styggeskap etter tolv om nettene slik at dei ikkje kjem seg kvitrande opp i halvsjutida neste morgon. Sjølv om eg ikkje har levert ungar i barnehagen på veldig mange år, så treng eg minst ein disponibel time for å bli klar til å sykla flinkt til jobben med sykkelhjelp på hovudet for å vera eit godt eksempel for dei kjære små. Eg trur eg må begynna forsiktig å øva meg opp att til vekkjerklokkelivet frå i morgontidleg av.

Så er det dagens gjestepoet, som passande nok kjem frå Stavanger og heiter Mia Berner. Ho vart fødd i 1923 og døydde i 2009. Ho var sosiolog, filosof, forfattar og journalist. Ho budde 60 år av livet sitt i Sverige, men kom heim att mot slutten av livet. Eg liker veldig godt dei korte og innhaldsmetta dikta hennar, så eg trur me kostar på oss meir enn eitt…

Sand

Da jeg var barn bygde jeg sandslott på stranden.
Nå trasker jeg langsomt mens solen går ned
og skriver dikt med stokken i sanden
som bølgene kan leke med.
Mia Berner

Sorg

Å sørge over det som har vært
har en grense.
Å sørge over det som ikke har vært
er drømmen som forblir
i alt, hos alle,
alltid.

Mia Berner

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget