På sporet att
For ein time sidan fekk eg melding om at Sunniva nå var vel framme i La Paz etter å ha reist i over tretti timar. Dei klarte å mista eit fly i Lima, fordi dei hadde misforstått kva for ein kø dei skulle stilla seg i, og misforstått beskjedar, sikkert gitt hovudsakleg på spansk over ein skurrete høgtalar eller noko slikt. Eg veit bare litt og gissar meg kanskje til resten. Det førte til at dei måtte venta elleve timar på neste fly, men nå er dei i alle fall på plass og er tekne varmt og godt i mot, vart henta på flyplassen i El Alto og fekk pizza då dei kom fram der dei skulle bu. Eg gler meg til å høyra nærare. Nå er dei sikkert frykteleg slitne. Får håpa dei unngår å bli sjuke av høgda, dei er på tre og eit halvt tusen meter over havet, trur eg, så ein del blir kvalme og dårlege den første tida. Eg gler meg veldig til å få høyra meir, men det blir vel ikkje før i morgon.
Sjølv har eg og foreteke ei viktig reise i dag, om enn ikkje via tretti timars flytur. Eg har vandra frå ferie til eit nytt arbeidsår. I går kjende eg på ei viss sorg over at sommaren hadde gått så fort forbi, men då eg kom inn døra til personalromet i dag klokka fem på åtte, kjende eg at dette var ein god plass å vera. Det var rett og slett ei veldig god kjensle å møta att alle dei flotte menneska eg jobbar saman med, og stemninga var glad og optimistisk. Nå har me tre dagar på å tilretteleggja skuleåret som kjem, og til å bli kursa i eit par viktige tema. Eg skal møta dei nye førsteklassingane på torsdag, og gler meg til det.
Og i kveld har eg vore i forening med venninner gjennom meir enn trettifem år, det var fint og av slike ting som høyrar dei vanlege dagane til, for visst er dei fulle av fine ting dei og. Då eg kjørde heim litt før elleve var det mørkt ute. Eg har diskutert med meg sjølv om det er det at august månad har ein drope vemod i seg for alt me snart skal tapa, som gjer han så vakker, eller om det hadde vore ein endå større oppleving viss me slapp å prøva å halda krampaktig fast i dette flyktige. For meg er juli den månaden som er både roleg og fri for vemod, men kanskje det er eg som er rar. I juli er livet stort og fullt av ro, og sommaren er uendeleg. I august forstår me at det er akkurat det han ikkje er. «Everything comes to an end,» som det står i songen.
I dag heiter dagens lyrikar Arnt Birkedal. Den boka eg skal sitera frå trur eg er dikt som er skrivne for å passa for barn også. Det kan jo passa bra. Boka heiter «Draumar og dynejakkar», og kom ut i 1989. Eg får velja diktet kveldsvise. Både fordi det passar akkurat nå, og fordi dei som les heile diktet vil finna eit lokalt element i siste verset.
Kveldsvise
Eg er liten, og eg vil
eta meg to salte sild.
Og leggja meg og drøyma;
La ein god draum strøyma.
Ser til Kristin eller Gro-
eller kanskje båe to.
Draumen ein får velja
kva han vil fortelja.
Spelar i eit rockeband
fleire låtar enn eg kan;
Får mi løn med renter,
og grassat med jenter.
Druknar plopp i syltetøy
søkk til botnar for å døy,
heilt til eg ser lyset,
i ein stim med hyse.
Kanskje finn eg fram til sist,
til ho eg støtt har mist og mist,
I eit rekkehus på Bryne,
og vaknar lyst som lynet.
Arnt Birkedal
Eg får røpa at det var to vers til, som eg har vald å ikkje ta med, men nå veit de kor teksten er å finna. Dei med same sørvestlandske barndom som meg på sekstitalet, har kanskje oppdaga at versa kan syngast med litt tilpasning på ein kjend melodi frå ein god gammal sundagsskulesong, som truleg ikkje er så mykje i bruk lenger. Eit clue: Siste verset opnar med linja: «Perleporten åpner seg…»
Heidi
(Som faktisk atter må stå tidleg opp, og derfor må leggja seg nå.)
LIknande innhald
From → Barna mine, Barndomen min., Bøker, haust, Livet og alt ein burde ;-), sommar
