Gå til innhald

Med sandpapir i auga

august 15, 2013

roser

Delvis på grunn av augustdaganes graspollenallergi, delvis på grunn av ein fullmøblert arbeidsdag, sit eg her og glipper med augeloka, men eg skal skriva litt likevel, for det har eg gledd meg til. Nå har eg nesten nådd det merkelege punktet eg skreiv om i eit innlegg i sist veke eller noko, om at ein ikkje forstår korleis ein kan snu livet tilbake til jobb og kvardag att, og så etter veldig få dager har ein nesten gøøymt at ein nettopp har hatt sommarferie. I dag har me hatt ein travel dag med elevframmøte både i skule og kulturskule. I dag har eg møtt fprsteklassingane eg skal jobba med i år. Dei er veldig søte, sprell levande, og framleis veldig små. Eg gler meg til å bli godt kjend med dei.

I dag møtte eg ein flott ung mann på veg ned trappene frå klasseromsetasjen vår. Eg ser på han: «Hei Heidi!» «Hei?» Eg ser meir på han. Det er noko kjend, men eg klarer ikkje plassera det. «Hugsar du meg? Du har vore læraren min». Eg smiler litt usikkert. «Eg er Tore…» Nå ser eg det jo. Visst er det Tore, den flotte vesle førsteklassingen frå den aller første klassen, den som var bare min, i 1987… Nå er han her som far til ein førsteklassing. I fjor var det og førsteklassingar som var barn til elevar på det same kullet, og i går var eg på kurs i lag med ei av jentene frå den same klassen, som nå skal vera lærar i førsteklasse på naboskulen, og som sjølv har ei dotter i andre klasse. Den klassen dei gjekk i fekk min første kjærleik og min første store iver og mine mest sprelske innfall. Samtidig fekk dei sannsynlegvis mine første vaklande erfaringar med å vera hovudansvarleg for ein gjeng ungar. Den gongen trudde eg at så glad i elevane sine blir ein bare ein gong i livet. Nå har eg forlengst forstått at eg tok heilt feil. Eg blir like hodestups oppteken av elevane mine kvar einaste gong, sjølv om fryden med å gjera ting for første gong er bytta ut med ganske mange år med erfaring, er det framleis nytt og spennande å møta nye barn og bli kjend med dei. Denne gongen som spesialpedagog på trinnet.

Eg hugsar faktisk veldig godt min eigen første skuledag, og at mor ropte på meg om ettermiddagen og sa at nå måtte eg høyra ein song på radioen. Det var Ingebrikt Davik som song «Første skuledagen min», ein song eg hadde høyrt mange gonger, men i dag var han liksom til meg. Eg hugsar at det gjekk høgtidelege gys gjennom meg der eg stod og høyrde. Eg vart nesten litt sjenert fordi akkurat denne dagen, i august 1968, var det eg som var ny skulejente med kvit bluse og foldeskjørt og blårutete ransel med blomstrete pennal i og ny matboks av metall. Framleis blir eg rørt av den songen.

Første skuledagen min  

 
Himlen høg og verda stor,
der på trappa vinkar mor,
første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin
 
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen den er himmelblå
med ei raude marihøne på
 
Knapt eg blunda siste natt
Drøymde eg på skulen sat.
Frøken ba om to frå ti,
tenk eg ga ho kuleramma mi.
 
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Rundt ein pytt og over stein
Liten fot skal halde skoen rein
 
Bak på ryggen dinglar lett,
finast ransel eg har sett.
Med pennal og fargekritt,
på ei bok står heile namnet mitt.
 
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Eg har nisteboksen full
den eg fekk av bestemor til jul.
 
Bort på bakken slottet står,
eigen pult og knagg eg får.
Rekne – teikne troll og dyr –
også høyre eventyr.
 
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No skal heile verda sjå
kjolen min har marihøne på.
 
Det er visst slik – eg gruer litt.
Hoppar ikkje hjarte mitt?
I skulestova vill eg lell,
pytt – eg tar det heile som det fell.
 
Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
No kan heile verda sjå
berre eg har marihøne på.
 
 Tekst og melodi : Ingebrigt Davik

Etter ein intens første skuledag i første klasse, var det rett på planleggingsdag i kulturskulen. Så fulgte tre omgangar med oppstartssamlingar med minikonsert og lærarpresentasjon for kulturskuleelevar før alle lærarane møtte kvar sine elevar. Då timeplanane var forsøkt komne i boks, og etter kontakt med elevar som ikkje møtte, oppdaga eg at det høljeregna ute, sjølv om det var sol i dag morges då me stod ved flaggstonga med flagget heist til topps og song skulesongen vår før alle klassane gjekk til kvar sine klasserom. Ingrid tilbydde seg å koma og henta meg med bil, det var faktisk ganske lite fristande å sykla heim i regnet i tynn blå sommarkjole og barbeit i sandalar. Sykkelen er trygt låst, så den får eg henta heim i morgon. Den omtenksomme eldstejenta mi hadde og med middag til meg, som eg bare kunne varma,- deilig fullkornspizza. Så vart ho og Oscar med meg heim, ho for å prata litt og Oscar for å trena på alle sirkuskunstane sine… I morgon er det frifredag, det skal smaka godt, og om kvelden er det personalfest for å feira oppstarten av eit nytt skuleår. Kanskje eg skal gi ordet til dagens gjestelyrikar. Det er Arnt Birkedal i dag og, for han har eg to bøker av. Eg kjenner meg sikker på at eg kan finna eit dikt som svarer til stemninga i eit slags førsteskuledagscenario. I alle fall har boka den lovande tittelen: «Is og Donald-svingane» Nå skal me sjå…

Gamle teikneseriar
luktar
sommardagar
jentelus og marsvin,
klesvaskar, hundehus,
soveposar,
badehetter,
luktar mormor, luktr
sunlightsåpe;
kattungar som nett får
auga opp, utslepte
kaninar.

Klare høgstøvlar
grøne jentesokkar.

Luktar
ferjekaiar, onklar med
piper, ryggsekkar
           hytte-
       svingar, ein
gauk som
gjel i lia, der
         regnbogen
             landar for
                    å dekka eit
         streif sol.

Luktar
sommarsongar
sommarmorgonar
langt på dag
gjennom
hyttegluggar,

Sommarfuglar, somme
opnar seg i det du
grip dei, somme
kvitrar og flyg bort.

Arnt Birkedal

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget