Djerv er den som dreper dragen
Djupast sett er det vel ein viktig del av livet, å kjempa mot dragane, dei ytre og dei indre, sjølv om dei har ulik ham og skapnad for kvar og ein av oss. Denne flotte amishmannen, som ein eg kjenner godt, og er ein litt for henfallen snikfotograf tok bilete av i fjor sommar, kjempar som ein representant for gruppa han tilhøyrer mot den destruktive tidsånda, og for alle gode dygder og verdiar. Eg vart djupt fascinert av amishfolket då me var ein liten periode i Pennsylvania, men det er ein annan historie. Poenget mitt var dragane våre. Då eg studerte forteljarteknikk, las me ein tankjevekkjande historie som heitte «Når dragen blir sosialklient». Artikkelen handla om trenden i barnebøker på åttitalet, som gjekk ut på at om ein møtte ein frykteleg drage, så var han eigentleg ikkje ond, bare djupt ulukkeleg fordi han ikkje fiksa livet sitt og ikkje hadde venner… Ho meinte dette var å ta frå barn ein moglegheit til å bearbeida noko alle barn allereie hadde oppdaga både med hjarte, hjerne og mage, nemleg at vondskapen finst.
Det er den første skrivefredagen min i det nye arbeidsåret og det fylde meg med ei boblande glede å vakna og tenkja at i dag skal eg skriva. Det eg skal skriva etterkvart er å flikka på den nye diktsamlinga mi, og kanskje skriva noko nytt som kan brukast der, men først skal eg ta meg den luksusen å skriva her, for eg vakna og med hovudet fullt av yrande idear til ting eg gjerne ville bloggføra. Det var då eg fekk lyst til å ta fatt i dragane, for eg trur me kjenner dei alle saman. Eg har det nesten som ei oppvakt lita frøken som begynte i første klasse i går. Læraren sa at viss nokon hadde noko dei ville fortelja, så måtte dei retta opp handa. Ho retta veldig ivrig opp handa og inneleia med fylgjande setning: «Eg har noko eg vil sei, men først må eg bare sei noko anna…» Etter å ha snakka ei stund sa ho, 2men det var altså ikkje det eg ville fortelja, det eg ville sei var at…» Og eg vart djupt fascinert over at til og med jenter på seks kan bruka slike teknikkar for å sikra seg ordet ei god stund. Slik var eg og, og akkurat slik er eg redd at eg er framleis. Eg er redd at nokon som les dette som har gått på skule med meg, kan ha minne om at eg tok ordet og snakka i det uendelege utan å reflektera noko særleg over korvidt det eg sa måtte vera interessant for dei andre. Det verste er at eg faktisk er akkurat slik framleis, og her får eg vel kanskje lov, for dette er min blogg, eg har nemleg tenkt meg mykje lenger enn til dragane.
Då eg var fire eller fem år fekk eg mi første lesebok, eg fekk til og med to. Eg var djupt fascinert av bøker og forteljingar, og hadde ein oppriktig interesse av å læra meg å lesa. Den eine leseboka bergtok meg. Det var André Bjerke si lesebok, som eg er sikker på at nokon av dei som les dette har hatt i hendene dei og. At den første leseboka mi var på riksmål, har eg ikkje teke varig skade av. Bokstavane vart lærde inn på vers med flotte teikningar som illustrerte bokstavfiguren. På bokstaven D var det ein tapper drapsmann og ein død drage med fylgjande vers:
Død er dragen, drept og slagen.
Djerv er den som dreper dragen.
Dette appellerte både til dragedreparen og eventyraren der inne, men eg var like svak for figuren på J-sida, der bodskapen var:
Jordbær, jordbær, vil du ha?
jomfru Jorun jubler ja.
For kven ville ikkje ha jordbær, og kven ville ikkje likna på den muntre og vakre jomfru Jorun? Eg synest framleis at diktet til Å- bokstaven er stor poesi:
Å, så blått en ås kan blåne,
over åsen står en måne.
Og framleis fortel eg alltid elevane mine om A-ane som var ute ein kveld det var mørkt og stjerneklart og plutseleg såg dei fullmånen som var så vakkert at dei sette i eit samstemmig: Ååååååå. Og frå den dagen av seier ein A med ein måne over alltid ÅÅÅÅ
Og det eigentlege utgangspunktet for dragetankane er at i gårkveld oppdaga eg at dagens lyrikar er André Bjerke, og reint lyrikkmessig har han altså vore ein av heltane mine frå eg var ca fem år, eg veit ingen som sjonglerer rim og rytme på ein så utruleg elegant måte. Eg har høyrt ein slags anektdote om at han hadde den eigenskapen at ein kunne seia kva som helst til han og at han på null komma ingenting kunne laga dei mest raffinerte rima kring ordet eller setningen. Det trur eg på. I mi framleis heldigvis tildels nokså barnslige sjel, så er dikthylla mi blitt nesten som ein adventkalender, ei samling til dagen i mange år framover, så heldig eg er, og så heldig eg var som fann min gamle venn André Bjerke akkurat i dag…
Boka heiter Fakkeltog og er gitt ut i 1942. Eg fann ho i ei av bokhyllene etter svigerforeldra mine, og svigermor har skrive førenamnet sitt på førstesida: Evelyn. Nå skal eg velja ein eller fleire av dei fine tekstane der i frå til å dela med den som måtte ønska det. Til ære for alle dei små seksåringane eg måtte i går og som eg skal ha fylgje med lenge, håpar eg, vel eg diktet Liten og stor.
Som barn fikk du ofte lov til
å sitte ved voksnes bord
for stum og andektig å lyttetil deres bevingede ord
om livet og all den mening
som livet visstnok skal ha.
Og denne merkverdige tale
skjønte du ingenting av.
Du sa til ditt undrende hjerteat: gid jeg måtte bli stor
så også jeg kan snakke
med mange og rare ord.
Det er så meget i verden
jeg ikke forstår og kan si;
men alle de store forstår det,
Og fryktelig stor vil jeg bli!
Du satt der i smug og beundret
de voksnes hemmelighet.
Kunne du kanskje vite
at voksne ingenting vet?
Kunne du kanskje vite
at ordenes tunge flom
bare er til for å skjule
en skremmende fattigdom!
Og at de dumme og store
aldri forsto et fnugg
av livets deilige sannhet
i dine øynes dugg!
Kunne du kanskje vite
at du så liten og vek
eide tilværelsens undermidt i din egen lek?
mens alt hva de sørgelig store
fant det for godt å bedrive
bare var glukten fra leken
fordi de var redde for livet!
Andrè Bjerke
Nå skal eg prøva å kjenna mi begrensning inntil vidare, og kastar meg inn i leiken med eigne tekstar. Men eg har ei slags magekjensle på at eg kanskje ikkje klarer å la vera å skriva ein tekst til her i dag… Eg ville bare seia at me som jobbar med ungar må hugsa at skuletimar må vera meir enn teknikk og skjema. Det må vera leik og spørsmål og eventyr. Eg er ikkje ekspert på nokre av desse tinga sjølv, men eg kjenner framleis sterkt på barnet inne i meg, og det trur eg roleg me skal våga å gjera, i alle fall av og til.
Og eg takkar fordi det i tida då eg vaks opp var NRK radio som var tingen, og den stod nesten alltid på. Der fekk me med oss daglege dosar både av ønskedikt, morgonkåseri og alle slags musikk. At det fulgte med litt Børsnoteringar, Melding om fiske og Nyheter på samisk, kan me kanskje velja å sjå på som bonus? For meg var både ønskediktet og seinare Fjernsynsteateret viktige impulsar. Men kanskje eg var eit litt merkeleg barn? Og nå er eg på veg inn i nye tankjerekkjer, så nå sluttar eg mens leiken er god…
Heidi.
LIknande innhald
From → Barndomen min., Bøker, Poesi, Skriving, Skule
