Gå til innhald

Dei som deler med andre og ventar på tur

august 18, 2013

oransje og kvite blomarPå torsdag var personalet på to kurs. Eit av dei var med Per Isdal, som er psykolog, og jobbar med familiar med valdsproblematikk. Hovudbodskapen hans var at vald avlar vald, og at dei som blir utsett for vald lett vil vidareføra det same mønsteret, men ta det ut på andre enn valdsutøvaren. Vald, i vidaste forstand, som ein kvar handling som prøver å skremma eit anna menneske gjennom frykt, fører ingenting godt med seg. Han viste oss fylgjande likning: Barn+x= problem. I arbeidet med barn som oppfører seg veldig problematisk, gjeld det å finna x-faktoren for å avsløra kva som trigger problema. Det gjer ein bare gjennom relasjonsbygging, varme, empati og respekt. Dette utelukkar sjjølvsagt ikkje at ein skal operera med klare, trygge grenser og vera ein tydeleg vaksen. Noko av det verkeleg interessante han sa, var at det var forska på suksessfaktorar når det gjaldt kva som gjorde at eit menneske vart lukkeleg og kom til å leva i gode relasjonar med andre menneske. Svaret var kanskje litt overraskande: Dei barna som deler med seg og som klarer å venta på tur, vil ha best føresetnadar til å bli dei lukkelegaste menneska seinare i livet.

Slike undersøkingar kan ein sjølvsagt le av og kalla useriøse, men eg synest likevel det gir litt perspektiv til det som dei seinare åra har blitt eit slags dogme; Ein må ha evna til sjølvhevding og til å bruka spisse albogar om det skal gå ein godt seinare i livet. I ein del år har det å seia at ein person er snill, kunna forståst nesten nedsetjande. EIn snill person er det same som ein naiv, dumsnill person som ikkje forstår seg på det store spelet som ein må spela for å få suksess. Eg vil med dette slå eit slag for at det å vera snill faktisk er ein eigenskap som bør setjast høgt både hos barn og vaksne. Eg held på at det er ein undervurdert eigenskap i ein verden som kanskje treng hjartevarme og empati meir enn noko anna.

I kveld inviterte Halvard oss til å sjå «The tree of life», saman med seg i det nye filmromet på loftet. Det er ein høgst uvanleg film, som eg anbefalar dykk å sjå. Ein av nervetrådane i filmen er forholdet mellom far og son og mor og son i ein familie der far ser på seg sjølv som den barna skal underkasta seg og adlyda blindt. Mora derimot, er mild og varm og formidlar tilgiving og kjærleik. Guten kjem i brennfeltet mellom desse to, og hatar nesten far sin. Filmen formidlar det vesle mennesket, det store universet og dei store kreftene. Det er og ein djup religiøs tone gjennom filmen med spørsmålet: Korleis kan Gud la det onde skje? Det som gjer aller mest inntrykk er den utruleg vakre filminga, med eit i følge Halvard, alltid handhalde kamera.

Eg skal la Sissel Solbjørg, Bjugn slippa til i dette innlegget og. Sidan ho er dagens forfattar, og sidan eg har to bøker av henne i hylla, passar det perfekt. Boka «Tornekysset» har ein heilt annan grunntone enn «Depp», som eg skreiv om i sist innlegg. Tornekysset er gjennomsyra av ein djup søken etter Gud:

Tar det lang tid, Heilagande
før du friskmelder meg? Måtte manuset
eg har liggande strødd utover golvet bli
til ei annleis bok, ei svært smittsam bok
ei bok som angrip alle lesarar
med kristusvirus! Amen!

Sissel Solbjørg Bjugn.

Nå er det kvelden, og dagen har vore god. Ein veldig gledeleg avtale er trygt i hamn, men det skriv eg meir om ein annan gong.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget