Sundag føremiddag i heimen

Eg står opp og dreg på meg den blå kjolen frå i går. På kjøkkenet står kaffen klar, og eg tek med koppen ut på arbeidsromet for å sjå om Sunniva har lagt ut meir frå Bolivia. Akkurat nå er Livet hennar der nede som ein spennande realityserie for meg, der eg vil ha med meg mest mogleg. Eg er innom internett seint og tidleg for å sjå om det er noko nytt å få med seg. Slik er det vel kasnkje når hønemødre skal sleppa kyllingane, ikkje bare ut av eggeskalet, men ut i den verkeleg store verda på eiga hand. Eg må bare passa meg for ikkje å bli i overkant masete, men det går seg vel til. Kanskje er det litt i overkant når eg ein time før forventa oppstandelse i Bolivia, som ligg seks timar etter oss i tid, legg inn eit lite «God morgon, gullet mitt,» på facebookchaten hennar? Nei, eg innser at eg kanskje bør gira meg ned eit par hakk.
Og, nei, det er ikkje oss som er sundagskledde og fornøgde på båttur på illustrasjonsfotoet. Dersom nokre av dei som les likevel synest å kjenna att trekk frå personane bakerst i båten, så kan eg fortelja at mannen med flagget bak seg er barna mine sin oldefar, og den vesle matroskledde guten er min svigerfar og barna mine sin farfar. Sjølv synest eg at familietrekka er ganske tydelege, og det går relativt tydeleg fram at denne greina av familien er hakket meir fullkondisjonerte, som Flettfrid ville ha uttrykt det, enn dei som er mine direkte aner her på Jæren. Det fører til at ein del vakre gamle ting som har høyrt til i denne familien var ein del av arveoppgjeret me nettopp er blitt ferdige med. Blant anna var me så heldige å arva denne «Sibyllen» eller «Musen» som ho og blir omtalt som:
Ho er ein vakker kopi av eit veldig berømt maleri, og er malt i Europa ein stad på 1700-t. Ho hang over spisestuebordet til svigerforeldra mine, og nå har Ingrid arva henne. Ein stad er det eit bittelite hol i lerretet, gullmalinga på ramma er skalla litt av her og der, og ramma sit litt, laust, men elles er ho i god stand. Ho tek ganske stor plass på veggen, og akkurat nå har Ingrid ingen plass å plassera henne. Akkurat nå er dette og nokre andre arva maleri på vandring rundt i heimen, fordi eg strever litt med å finna ein plass på veggen der dei kjem heilt til sin rett. Eg har og arva eit portrett av ei admiralinne, som må vera tipp-tipp-tipp-oldemor til Leif eller noko slikt. Ho har svart kjole, stor kyse og eit ganske bestemt blått blikk. Ingen må misforstå meg, eg er kjempeglad for desse bileta, det er bare ein kabal å få det til å bli slik eg vil ha det. Likevel liker eg blandingen av gamle arva ting, litografiar eg sjølv har kjøpt, arvemaleri, bilete Ingrid har malt og ikeamøbler.
Og eg liker sundags føremiddagar. Eg liker å ha god tid, drikka kaffi og lesa aviser, gå i kyrkja eller høyra radiogudsteneste, liker kjensla av at fridagen framleis skal vara lenge. I dag høyrde eg på radio og sette opp blomar eg har plukka i hagen før eg tok ein ny runde med maleriea, -stå i sofaar, hekta tunge bilete av og på spikrar, gå ned, sjå på avstand, ta bileta ned att og prøva noko nytt. – Foreløpig etter «Finn- ein- ledig-spikar-prinsippet». Det skal innrømmast. Halvard står opp, lagar seg frokost og syng på badet. Eg liker at ungane mine syng på badet, og eg liker å høyra dei le. Eg forstår akkurat kva «Hans far kongen», meiner når han seier til Mio, i «Mio min Mio», at son hans sin latter i rosenhagen er finare enn all musikk.
Det har vore ei god helg, etter ein god skrivedag på fredag innleia me tradisjonen tru skuleåret på Bryne skule med garasjefest for dei tilsette. Eg hadde kome til å sei at eg trudde eg kom tidleg heim, men eg veit ikkje om dei eg deler hus med trur på slikt. Det var litt for fint å sitja rundt eit bål i ei bålpanne i den mørke augustkvelden og bare prata, til at det vart gjennomført ein veldig tidleg kveld, og etterpå var Sunniva tigjengeleg på chatten i ein for henne relativt tidleg fredagskveld. Resultatet vart ei alt for kort natt, og eg må ta operasjonen «Snu døgnet tilbake på plass,» på alvor. Eg må innsjå, ikkje bare for fornuften at eg lever i ei verd der folk stiller opplagde og utsovne på jobben sin i god tid før klokka åtte om morgonen. Det er litt synd for dei av oss som føler seg lysvakne og superkreative når klokka svingar seg forbi eitt og to og tre om natta, men slik er det bare…
I går hadde eg og kjærasten min ein veldig fin kveld med fin kveldsmat saman med Arne og Hilde heime hos dei. Me gjekk heim i mørke og regn, eg for min del i kjole og barbeint i sandalar med ein lånt kvit brudeparaply over hovudet. Eg var litt redd han skulle vrenga seg i vindkasta, men det gjekk bra. I dag då eg skrudde på radioen kom den årleg sungne bodskapen til det norske folket: «En sommer er over, men minnene om den består, en sommer er over, men vi skal ses igjen, til neste år…» Litt tidleg avsunge etter min smak, herved forlenger eg sommaren i minst to veker til. Seinsommar er eit mykje finare ord enn haust for dei vekene som koma skal. Etter songen kom meldiga om at Rolv Vesenlund er død, ei vemodig melding til alle oss som er vaksne opp med Marve Fleksnes og mange andre sider av denne flotte mannen. Eg synest det er så mange som døyr for tida, men reint logisk sett har det vel meir med min eigen alder å gjera enn med dødeligheita i fedrelandet. Me som framleis er her må hugsa å takka livet, «som ger oss så mycket.»
Ho som har fått bli lyrikaren i dag, har eit litt anna bodskap enn Ole Brumm. Ho er ei dame som heiter Sissel Solbjørg Bjugn, og som er ein kjend stemme for mange av oss som liker å lesa lyrikk. Ho har og skrive mange barnebøker. Ho har ein særeigen måte å skriva på, synest eg. Ein del av det både liker eg og liker eg ikkje på same tida, utan at eg kan forklara det så mykje betre. Boka eg har i hendene i dag heiter rett og slett «Depp». Hovudstemmen i boka er «Høna på haugen», og det kan vel tolkast litt hit og dit. Eg skal sitera ein del frå boka, men viss du verkeleg skal få tak på historia bak, for der ligg det både ein og fleire historiar, bør du kanskje lesa boka sjølv…
Depp, depp, depp, sa høna på
haugen.
R.I.P, R.I.P, R.I.P, sa
høna på haugen. Kvil i fred.
Ja vel. Så skriv eg ikkje
meir om den historia.
Masse setningar om ei sur,
mistilpassa høne. Dette her
an kan umulig bli eit dikt.
Ikkje eit gjennomført eit.
Depp, depp, depp, sa høna på
haugen.
Drep, drep, drep, sa høna på
Haugen. Diverre, min herre.
Tapp, tapp, tapp, sa høna på
Haugen. Din fyllik, din
tapar.
Johny Depp, sa høna på
haugen.
Rep, rep, rep, sa høna på
haugen.
Veggtilvegg-deppe. Sa høna på
haugen. Ikkje Pål si, men mi.
Depp`n roll, sa høna på
haugen.
Då ein dag diverre må
Grete Waitz og lille Graah.
Lille, lille Graah.
Kristensen og Kyrkjebø:
Alle damer må jo dø.
Må jo, må jo dø.
Kauffmann, Dickinson, Curie
måtte dø. Ta mère aussi.
Mére au, mére aussi.
Princess, princess Di.
Kulturdep., sa høna på
haugen.Trippeldepp, sa høna på
haugen. Fortid, fortid og
atter fortid, sei`eg. Somme
finn vegen lang til
A/S Kvinnefang.
For stoffskiftet mitt,
for kvart harde nedslag på
skriv´maskin: kvit, pupill-
stor Thyroxin.
Danskedepp? sa høna på Aasen.
Dip, dip, dip, sa høna på
haugen. Et pizza med rømme.
V.I.P, V.I.P, V.I.P.
SIssel Solbjørg Bjugn
I det siste er det ganske mange som har kome bort til meg og fortald at dei les bloggen min. Eg skal innrømma at då blir eg litt glad og oppstemd. Eg skriv jo mellom anna fordi eg gjerne vil at folk skal lesa. Samtidig så gjer eg det kanskje meir enn noko i rein skriveglede. Eg er glad for å kunna skriv om ting som betyr noko for meg, og som eg gjerne vil at folk i eit lite glimt skal oppleve gjennom mine auge og mine tankar. Det er ganske befriande for meg at eg kan gjera dette akkurat som eg vil, at det ikkje er ein rosablogg, moteblogg, mammablogg, fagblogg eller fitnessblogg, her står alt eg til ei kvar tid har lyst til å skriva, med den begrensninga at eg ikkje vil det skal stå noko her som kan såra nokon, og sjølvsagt ikkje noko som er for utleverande eller taushetsbelagd. Eg lurer jo litt på om nokon for eksempel set pris på den nye vrien med «Dagens lyrikar», bakt inn i det andre, men om ingen skulle setja pris på det så gjer det i alle fall meg eit unikt lite spark til verkeleg å nyta alle dei fine dikta eg har i hyllene mine. Meir lyrikk til folket!
Nå vil eg jobba litt med mine eigne dikt før eg går over til ein liten avdeling i dagen som går ut på «å gjøre slikt som man må», som det står i eit fint lite barnedikt eg ikkje skal sitera her. Ha ein framleis velsigna sundag. Forresten: Nokon har sagt til meg «Eg las det siste innlegget på bloggen din, men det slutta så brått…» Då er nesten alltid forklaringa at dei bare har lese litt av det. Etter nokre mindre tilfredsstillande opplevingar med å mista tekstar pga straumbrot, eller data-surr, så legg eg som oftast ut eit innlegg i fleire omgangar for ikkje å mista alt om noko skulle skje. Dersom det ikkje står namnet mitt under eit innlegg, så er det ikkje ferdig endå.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, haust, Kjærasten min, Skriving, sommar


