Gå til innhald

Barnet som var meg og andre rare tankar

september 1, 2013

Bilde

Det finst en lille pige hvis hjerte ligner mit, hun bor måske i Holstebro, måske i København…» skriv Tove Ditlevsen i eit dikt. Og me ber vel alle med oss barnet me ein gong var. Eg spurde ein gong ein person som står meg nær om han syntest han hadde forandra seg sidan han var barn. Han såg måpande på meg. Ja, på innsida altså, måtte eg skunda meg å presisera. Han såg framleis ikkje ut som om han forstod. For det rare er, sa eg, at når eg hugsar korleis eg tenkte og korleis eg opplevde verda då eg var fem- seks år, så er det ikkje sååååå forskjellig frå korleis eg tenkjer og opplever verda nå. Eg hadde framleis ei kjensle av at han ikkje heilt forstod… Ja, er det bare meg då, spurde eg. Var eg eit utruleg vakse barn og er eg ein utruleg barnsleg vaksen, eller hugsar eg bare heilt feil? Dersom eg då ikkje hugsar spesielt godt? Poenget mitt er vel kanskje at eg har ein hypotese som går ut på at barn liknar oss vaksne meir enn me ofte liker å hugsa. Eg hugsar at eg var ein liten lyttar som prøvde å gjera meg usynleg for å prøva å lytta til kva dei vaksne sa når det ikkje var barn til stades, for så å prøva å finna ut korleis verda eigentleg såg ut, for det var vel dei vaksne som visste det?

Me som omgir oss med barn, har kanskje godt av å tenkja på at djupast sett er dei akkurat som oss, dei har bare mindre kroppar og mindre erfaring, og djupast sett så er kanskje me som dei, me bare prøver å sjå ut som om me er store og flinke… Dette biletet, og eit som liknar på det, fekk eg med meg då me rydda hos onkelen min. Det eine har nok vore bestemor sitt, og så har det hamna hos han. Panneluggen er klipt av far, som sikkert syntest at det var fint å ikkje måtta klippa panneluggar alt for ofte… Det er teke våren før eg begynte på skulen, trur eg. Kragen var hekla av farmor. Før tenkte eg at det var koketteri når åttiåringar sa at dei var like inne i seg som dei var då dei var tjue. Nå har eg begynt å tru det. Sit eg ikkje her og påstår at inni er eg lik som då eg var fem… Eg vil gjerne høyra kva andre tenkjer om dette.

Og slik er det jo på ein måte og når ein har kjend nokon lenge. Nokre av venninnene mine ser eg klart for meg som seks- og sju-åringar. Mor ser eg for meg frå ho var på alder med Ingrid av, og barna mine frå dei var nyfødde til nå når dei er vaksne. Det er rart å gå gjennom åra saman med andre menneske. Så stoppar me av og til opp og ser på einannan og tenkjer: «Nei men er det slik du ser ut nå, det har eg gløymt å leggja merke til.» Og denne vandringa gjennom tid og år er me nøydde til å driva på med så lenge me er her og heng med i svingane, og det har dei fleste eg kjenner heldigvis tenkt å gjera lenge enno…

Og nå skal eg prøva å få til ein elegant overgang til dagens lyrikar. Då eg var 16 år kom skodespelaren Brett Borgen ut med lyrikksamlinga «Dualoger med Vår Herre». Ho stod fram som ein litt barnsleg, men ganske vaksen person som hadde kjempa seg fram til ei kristen tru i vaksen alder. I ein periode av livet var Brett Borgen ein person eg og nokre av venninnene mine ofte siterte dikta til. I motsetning til dei vaksne damene me møtte på bedehuset framstod ho som urban, kunstnarisk, nyfrelst og litt rufsete. Det var ein spennande kombinasjon. Då eg opna boka som stod i hylla mi, stod det til mi forbausing «Mormora til Jan Georg» på innsida av tittelbladet. Er det mannen i mitt liv som har lånt diktsamlinga av mormora til ein kamerat for trettifem år sidan og aldri levert ho tilbake. Så dersom du tilfeldigvis skulle lesa dette, Birgitte Vedeler… Det kan sjå ut som om eg sit med noko i hendene som eigentleg tilhøyrer dykk… Men her kjem ein smakebit frå «Dualoger med Vår Herre».  Dette er tankar me alle med fordel kan bli minna om av og til…

 

Hoppsan

Nå var jeg akkurat i ferd med å kritisere et annet menneske.Så hørte jeg et aldri så lite «hoppsann» fra deg.
Og takk for det, Herre!

Jeg ber deg inferlig om å minne meg om og om igjen om
dette:
Jeg blir ikke noe større og bedre menneske ved å småkritisere
mine medmennesker fordi jeg ser splinten i min brors øye,
men ikke bjelken i mitt eget.
Snarere tvert i mot.
Så fortsett å si hoppsann, til meg, Herre!

Brett Borgen

Nå kjenner eg god lukt frå kjøkkenet som tilseier at nokon ser syn på å laga sundagsmiddag. Sånn er det å dela hus med gode folk.

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget