While my guitar gently weeps
I dag var det fantastisk å vakna og vita at dette var ein annleis dag. Tora brakte og slo utanfor soveromsvindauget, og det var fint å vita at eg kunne ta det bittelitt med ro, sidan ingen skuleklokke kom til å ringa for meg i dag. Veka har vore travel med foreldremøte og andre jobbrelaterte møte. Eg veit ikkje om det er politisk korrekt å seia det høgt, men eg innrømmer at eg har drømmejobben. Fire dagar med førsteklasse, ein ettermiddag med skrivekurselevar og ein forfattardag i enden av veka. Det kunne ikkje vore betre.
Problemet med forfattardagen er at han har ein tendens til å renna som sand mellom fingrane mine og forsvinna før eg får sukk for meg. Litt av kunsten er å få starta dagen i nokonlunde anstendig tid og så å setja seg rett ned i rotet og skriva. Men noko av det andre som er fint er at det er lov til å gjera litt andre gode og oppbyggelege ting som det ikkje er for mykje tid til resten av veka. For eksempel så kan ein bli verande litt ekstra i senga med ei god bok. For mitt vedkomande var boka i deg litt for god, for det var vanskeleg å leggja ho frå meg. Som eg sikkert har skrive før så hadde Halvard to presangar til meg då han kom heim frå Amsterdam, og den eine presangen var ein George Harrison- biografi med fokus på den indre reisa i livet hans. Medan dei andre i Beatles relativt fort mista interessen for indisk filosofi og religion, så dedikerte George Harrison ein stor del av livet sitt til Krishna-bevegelsen, og vart nær venn med guruar og religiøse leiarar. Han ønska å bruka livet sitt til å gjera det gode, og fekk eit veldig ambivalent forhold til mykje av det han kalte «material world». Han såg etterkvart mykje av det menneska jaga etter på same måten som Forkynnaren i Bibelen . «Tomhet og jag etter vind». Samtidig var han glad i raske bilar og ein del andre ting ein kunne få for pengar, og boka meir enn antydar at han i tøffe periodar i livet kunne ha periodar med eit farleg høgt inntak av alkohol, og at han og kunne ty til sterkare rusmiddel, som han eigentleg ikkje ville ha noko med å gjera.
I ein periode kjende han seg «annleis og framand i den vestlege verda», og var plaga av imaget som X-Beatle, som han aldri fekk ein pause i frå. Etter at John Lennon vart myrda var han i fleire år bortimot paranoid, og frykta at det same kunne skje med han. Eg synest historien om han er fascinerande. Det er vel ei allmennmenneskeleg erfaring det gamle Obstfelder uttrykte i setningen: «Jeg må viss være på feil klode, her er så underligt». I alle fall har det i periodar forundra meg at det menneske pratar om når dei er saman er meir i retning golvbelegg og hagemøbler enn det som er dei store spørsmåla i livet. George Harrisom vart forresten ein pasjonert hagemann etterkvart og begynte å skriva songar om å eta mango i hammocken. Eg må vel innrømma eg og at golvbelegg og hagemøbler intresserer meg litt meir nå enn det gjorde i ein tidlegare fase i livet mitt. Eg har synet for det store i små ting, og synest og at etterkvart som me blir eldre så blir det litt meir plass til dei store spørsmåla, så det jamnar seg ut etterkvart for oss «raringar» og. Dei siste åra har eg forresten hatt ein forkjærlighet for George Harrison sin song «While my guitar gently weeps». Det er vel ofte slik at i siderommet eller ytterst i synsfeltet så er det ein gitar som gret, stille og vennleg.
Medan eg framleis var dedikert til Harrison og lesinga, så ringde det på døra, først ein gong, så to gonger, eg fekk drege ein kjole over meg og sprang ned for å opna, men brillene hadde eg ikkje tid til å få på meg. Det viste seg å vera to gode venninner som hadde planar om å få meg med på kafé. Dei var i ferd med å gj opp og var nesten kome tilbake til bilen då eg opna. Dei syntest eg reagerte litt rart til å begynna med, og det var rett og slett fordi eg ikkje hadde sjanse til å sjå kven dei var utan briller. Men då eg kjende stemmen, håpar eg at smilet mitt vart stort og ekte, for ingenting kunne vel passa betre enn at nokon heilt utan planlegging bare tok meg med ut for å eta. Etter ein lynrask kattevask og to drag med hårkost, tannkost og leppestift, var eg klar for nye eventyr.
Me havna på Kjøkkenet og fekk oss deilig lunsj og ein lang og koseleg prat. Utanfor var det torevervarmt og dei første blada på trea var gulnande og raudnande. Det var herleg befriande å bare sitja der og le midt på blanke føremiddagen medan me åt toast med skagensreker, eller var det vestkystrøre på brød rista i olje og kvitløk med kjøkkenet sin nydelege pesto på sida av. Slikt kan dokke godt gjera igjen, Karin og Gunn. I farten gløymde eg å ta med meg mobilen, og det var heilt fint det og. Nå sit eg her og skriv så fort fingrane bare kan få det til, for å bruka tida før mannen eg deler hus med hentar meg til ein liten ikea-ekspedisjon. Han er framleis i sterkt «pussa opp loftet-modus», så her skjer det ting frå veke til veke. Heldigvis er eg friteken frå å ta del i det, for i desse første oppstartvekene har jobben krevd sitt av overskot. Framleis tordnar det ganske kraftig ute, men merkeleg nok så er det torever utan regn så langt.
Så til «Dagens lyrikar», som framleis er Brett Borgen. I tidlege år var ho eit slags førebilete for meg, så eg har fleire av bøkene hennar i hylla. Boka «Fanmail til Othilie.» Boka er kjøpt ein stad eg høyrde henne lesa, og er signert «Til Heidi fra Brett».
Jeg hjelper ofte gamle damer
over gaten,
ellers kom de aldri over.
Ikke så meget av nestekjærlighet
hjelper jeg dem
som av nyssgjerrighet:
De har levet et liv
elsket, lidd, eller bare drømt.
Jeg tar deg under armen
og tenker at jeg også skal
bli så gammel.
Men jeg tror det ikke helt.
Brett Borgen.
Brett Borgen skreiv dette då ho var sånn omtrent på min alder, det som er litt rart å tenkja på, er at i år fyller ho syttini. Eg leitte på nettet om eg kunne finna noko om henne frå dei siste åra, nå når ho har fått erfaringa med det å faktisk vera ei gammal dame, men eg fann ingenting. Nå lyner og tordnar det nesten samtidig, så kanskje det er på grensa til at macen burde skrust av, men eg kostar på oss eit dikt til og håpar at det går bra.
Vent fortvilelse
Vent
Bare en liten stund nå
så går det kanskje over
det som kaller på deg
Vent fortvilelse
Ikke bry deg med bagateller
som meg
Brett Borgen
Halvard har fått seg vikariat på SFO, eg kom til å tenkja på at med eldstemann som lærar i grunnskulen, Ingrid som omsorgsarbeidar i trygdeboligar; Sunniva på barnehjem i Bolivia, og Halvard i SFO, så har eg alle barna plasserte i dei kanskje litt forakta og nedvurderte «Trøste- og bære- yrka». Eg kjenner at eg rett og slett er litt stolt over akkurat det. Skal denne verda ikkje gå totalt av hengslene så treng me ganske mange som er i stand til å trøysta og bera. Og som sagt, dersom nokon skulle vera i tvil: Der finst det mange drøymejobbar. Ha ei god helg og la deg trøysta og bera om det trengst. 🙂
Heidi
