Sidan me først er i gang med alt som eingong var
…så fekk eg dette biletet og då me rydda huset til onkelen min. Glaset på biletet var knust, så eg burde sikkert få eit nytt før det blir øydelagd.
Eg skal ikkje påstå at eg hugsar dette besøket hos fotografen frå eg var eitt år, men eg meiner sjølv at dei aller første minna mine er frå eg var mellom to og tre år. Det kan sjølvsagt vera slik at mykje i desse minna er lagt til sidan medan ein prøver å halda dei fast, men essensen i dei, veit eg at eg hugsar. Det rare er at det er ganske kvardagslege små glimt som det ikkje er nokon som helst grunn til å få meir festa til hukommelsen enn kva som helst anna. I desse aller første minna er bror min med, og grunnen til at eg trur dei er så gamle, er at i det første minnet ligg han i stor barnevogn. Sidan eg er bare fjorten månadar eldre enn han, kan eg ikkje ha vore veldig stor.
Nokre av dei tidlege minna er eit par år nyare, og dei hugsar eg mykje klarare. Eg likte å gå inn til mor og far før dei stod opp om morgonen. Eg hugsar at eg av og til fekk lov til å liggja på armen til far, og at det var koseleg, men og ubehageleg fordi han hadde så kraftige armar. Eg hugsar at det var vondt i nakken, men at eg lot som ingenting fordi eg ikkje ville bryta idyllen.
*
Armen hans er for stor,
for stor for nakken min,
likevel blir eg liggjande
i varmen og nærleiken,
under palmetrea på tapetet
med dyna over oss begge.
Eg tenkjer han ikkje veit
at eg får vondt i nakken,
fordi han ikkje ser
kor store armar han har.
Fortel eit eventyr,
ber eg ,
lar vera å nemna
at Bukkane Bruse
veit eg alt om allereie.
Så eit bademinne:
Kaldt uendeleg stort vatn
og soldrakt
tynt blomstra tøy
med strikk i livstykket
og strutteskjørt over rompa
Eg klamrar meg
til den store våte ryggen,
låser armane
rundt den kalde nakken hans
redd og trygg og frysande
med det blågrøne vatnet
sugande kring anklane mine.
Mor med skjørt og solbriller
inne på stranda
ropar engsteleg
at han ikkje må gå lenger ut.
Minne er noko rart. Det finst forskarar som seier at minne er noko me skapar, like mykje som noko me hugsar. Me legg perlemor rundt det sandkorneet av ekte minne som ligg fast der inne, og skapar oss perler. Dei kan utan tvil vera kvite og skimrande, mørke og trugande, eller kanskje blodraude. Dersom me hadde fårr sjå det me hugsar på film, ville me bli overraska, seier dei, over kor mykje me har lagt til etterpå. Alt dette er det nok ei kjerne av sanning i, likevel kan det vel innvendast at me aldri ser livet vårt på film. Me lever det frå innsida og hugsar det med sansar, tankar, kjensler og fantasiar og ikkje bare med nøytrale auge, kva nå det måtte vera.
Interessante greier spør du meg, men ville eg lika å sjå minna mine på film, slik at eg med forskaren sitt dissekerande blikk kan leggja halvparten av dei vekk som rein minneforfalsking? Kanskje? For å vera ærleg, så er eg langt frå sikker. Heldigvis er me menneske og som menneske dokumenterer me ikkje liva våre i sterile arkivskuffer eller som filmar i mekaniske overvakingskamera.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Filosofi, Mor og far., Poesi
