Framme er me bare litt om gongen
Framme er me bare litt om gongen,
for alltid er me på veg,
mot stier me ikkje visste om.
Heidi
Det er lørdag føremiddag i heimen, og dette er dagen eg har lova meg sjølv å vera flink og effektiv og gå til angrep på støvet i krokane og rotet på kjøkkenbenken. Sanninga er at eg blir sterkt dregen mot andre og meir forlokkande aktivitetar. Veret er så deilig ute, er ikkje det einaste fornuftige å klora seg fast i seinsommaren og ta ein sykkeltur, eller ein tur langs stranda kanskje? Og vakna eg ikkje med to linjer nesten klare i tankane som eg måtte få skrive ned. Derfor vart det litt skriving først, som eg eigentleg hadde tenkt å venta med. Dei to linjene er dei første i det vesle diktet over : Framme er me bare litt om gongen, for alltid er me på veg. Dei to linjene har eg prøvd å gi ei lita oppfylgjing med setning nummer tre, men kanskje eg skal bruka dei på ein annan måte når eg bare har bestemt seg. Eg ser nå at tredjelinja nesten kan vera eit plagiat av siste linja til Olav H Hauge i det fantastiske diktet «Det er den draumen me ber på». Sjølv om eg snakka om stier og han om ein våg.
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
– Olav H. Hauge –
Eg trur det å plagiera utan at ein veit det sjølv er ei reell fare. Me høyrer ting som gjer inntrykk på oss og lagrar det langt inne i minnet ein stad, og til slutt trur me at me sjølv har tenkt det. Ved venstre handa mi har eg liggjande 136 dikt, og på maskinen har eg tre-fire til som ikkje er med i bunka. Nå har eg gått gjennom alle, retta og stroke med blyant. Så legg eg dei inn på ny i endra rekkjefølge og sliper endå meir på dei. Nokre blir skrivne heilt om, nokre blir flikka på og nokre forkasta, andre får vera som dei er. Slik er metoden min når eg skriv dikt, i alle fall akkurat nå. Eg sliper og flikkar på mine spontane innfall heilt til eg er fornøgd, eller så misfornøgd at dei blir forkasta. Det er spennande. Det eg skriv her er ein heilt annan type skriving. Dette består stort sett eine og aleine av spontane innfall, og det er veldig spennande for meg sjølv fordi eg ofte ikkje anar kva eg skal skriva når eg set i gang.
Lyrikaren for i dag heiter framleis Brett Borgen. Den siste boka eg har av henne er gitt ut på Athenum forlag i 1984, og heiter «Intet annet enn kjærligheten tar jeg i mot.» Boka har sitat som kunne vore henta frå Høysangen, små eventyr og fablar og nokre dikt, og er meint å vera ein hyllest til kjærleiken og erotikken. Det kan nok henda at ein del menneske i det kyrkjelege landskapet sette kaffien litt i halsen då dei sat med boka i hendene, for noko av det var nok ganske uvant tale. Eg let meg i grunnen ikkje begeistra av så veldig mykje av boka når eg les ho nå med litt andre auge enn eg hadde då ho kom ut på 80-talet. Men det kan for alt i verda kanskje ha med meg å gjera. Heldigvis er eg ikkje litterturanmeldar i dette forumet. Eg bare leiter etter ting som eg synest er fine og har lyst til å dela med meg. Og visst, eg fann då noko her og.
Den elskede
ved dine øyne noen rynker
jeg ikke har sett
ved din munn en trett linke
så vakker den linjen er
i dag
du smiler
til meg
så vakker
jeg må røre ved den trette linjen
forsiktig med mine lepper.
Brett Borgen
I ditt lys
sitrende
nesten helt rolig
er jeg
en tåre
forsiktig i munnviken
salt smak
jorden holder pusten
alle ting
nesten helt stille
min elskede smiler
Herre du
fullkommengjorde oss
Brett Borgen
Mamma, mamma naturen bærer meg!
Ropte barnet
det svømte fløt for første gang.
Jeg hadde nettopp selv kastet meg ut på 100 000
favners dyp og forsto den svimlende glede
og spenning
Brett Borgen
Klokka går og det er vel på tide for meg å halda fram med å fullkommengjera dagen min 😉
Dersom eg blir sitjande og skriva er det bra for boka mi og meg.
Dersom eg ryddar huset er det bra for litt av kvart.
Dersom eg kjem meg ut er det sikkert bra for kropp og sjel og det meste..
Dette må jo vera ein vinn/vinn/vinn- situasjon, så kven er eg som klagar? Kanskje eg rekk alt saman…
Ha ein fin dag.
Heidi
