Gå til innhald

Kjære medmenneske

september 8, 2013

image

Det er så deilig septembervarme ute. Tjue grader andre helga  i september er ikkje verst. I går gjekk eg tur langs stranda med Gerd. Me gjekk og vassa og vart våte til knes, sjøvatnet var så behageleg å vassa i at me nesten angra på at me ikkje tok med badetøy. Ein bitteliten fisk vart skyld på land, men vart heldigvis innhenta av den neste bølga. Då me kom såg me eit brudepar som var i ferd med å reisa att etter fotografering nede på stranda. Det viste seg å vera Pål og Hanne Mari. Det var koseleg å få gratulert dei på den store dagen. For ein fin dag å gifta seg på. Nå har eg laga ripsis som står til innfrysing, og snart må eg setja i gang med vaffelrøra for eg har invitert gjester til sundagskaffi. Oscar slappar av i ein stol i stova og tek livet som det fell seg, og eg har akkurat hatt ein liten timeout med malande katt på fanget. Eg las nettopp ein eller annan stad at det å halda ein malande katt skulle få blodtrykket ned og i tillegg gjera deg meir robust mot stressrelaterte sjukdomar. I så fall er det ein ganske behageleg form for medisinering.

Dagens bok er «Kjære medmenneske» av Phil Bosmans. Framme i boka står det at eg kjøpte ho for pengar eg hadde fått til 18-årsdagen slik at eg kunne «Ha den resten av livet.» På slitasjenivået på boka, ser eg at ein periode i livet må ho ha vore veldig hyppig brukt. Pappen er vekke i bokryggen, hjørnene er øydelagde og arka ber preg av å vera brukte. Phil Bosmans er frå Nederland og er forfattar og sosialkurator. Denne boka er i følge mi bok trykt i elleve opplag i Nederland der han kjem i frå. Tekstane er veldig enkle, og handlar om det å vera medmenneske. Sitat frå omslaget på boka som kom ut i Norge på 70-talet. «Boka er i Holland blitt en slags moderne huspostill, hvor mennesker av alle kategorier søker forståelse, oppmuntring, trøst og ny oppmuntring.» Eg trur denne forfattaren og i si tid var eit slags førebilete for meg både litterært og menneskelig. Når eg i dag har lese gjennom tekstane, må eg innrømma at eg synest ein del av dei er veldig ordrike. Eg vil derfor servera små bitar av ulike tekstar til den digitale sundagskaffien i dag. Eg vil tru at denne boka framleis vil vera å få kjøpt dersom du får lyst til å lesa meir.

Ta deg rolig tid
til å være lykkelig.
TIden er ingen motorvei
mellom vuggen og graven,
men plass
til å parkere i solen.

Phil Bosmans

*

Vår verden
har i dag
en forferdelig menge
på vanlige, gode mennesker,
vennlige mennesker
som betjener deg smilende
i butikker og magasiner,
som ikke mister tålmodigheten
bak disken,
som ikke bulldozer
i trafikken
som ikke tordner
når du gjør en feil.

Phil Bosmans

*

Si ikke for raskt:
Du er ikke glad i meg,
så lenge du ikke selv har gitt alt.

Phil Bosmans

Hvis du har tid
for noen
titt da ikke
på klokken.

Phil Bosmans

*

Jeg tror på underet
når i hvert hus, i hver gate, i hver
by
den ene skal si til den andre:
«Kjære menneske, jeg holder av deg!
Jeg skal ta alle bitre ord

ut av min munn.
Fylle hjertet med ømhet

og mine hender med vennskapets gave!»
«KJære medmenneske, jeg holder av deg!»
Si det med eller uten ord.
Si det med et smik,
med en forsonende bevegelse,
med et håndrtrykk;
med et anerkjennede ord,
med et klapp på skulderen,
med en spontan omfavnelse,
med et kyss,
med en stjerne i øynene dine!
Si det med dusinvis av små oppmerksomheter
hver dag på nytt!
«Kjære medmenneske,
Jeg holder av deg!»

Phil Bosmans

Nå skal eg via meg til vaffelrøra. Sjå kor fint det blømer i vasen min, forresten. Eg kjøpte gladiolusane på Ikea på fredag, då hadde dei ikkje sprunge ut enno.

Heidi

image

4 kommentarar
  1. ALL VERDAS's avatar

    Eg og var på IKEA på fredag og såg på dei gladiolusane. Men eg kjøpte ikkje – det skulle eg kanskje ha gjort… 🙂

  2. heidiskriv's avatar

    Ja, eg var og litt i tvil, men dei vart kjempefine med litt vatn, lys og kjærleik 🙂

  3. ALL VERDAS's avatar

    Ja, det ser eg! Struttande flott!

Kommenter innlegget