Gå til innhald

På hausting med far

september 15, 2013

image

I dag vart det haust i den mest eigentlege forstanden. Eg reiste opp til mor og far, for eg har hatt ein avtale om å koma opp der for å plukka siste rest av rips og forsyna meg av plommene. Då eg kom var Ingrid og Oddvar på besøk, og me vart alle tre inviterte på nykokt lapskaus rundt kjøkkenbordet. Etterpå vart far med meg ut i hagen. Det var ein heil del rips att, og dei var så mogne at det var på veldig høg tid å plukka dei.

image

Stikkelsbær var det og, og massevis av opalplommer. Problemet nå er at plommene er så mogne at dei dett ned av seg sjølv. Sjølv om far har prøvd å ta unna, så vassa me i nedfallsplommer. Synd at alt blir moge samtidig…

image

Så hadde far mogne tomatar i drivhuset, dei fekk eg og ein stor pose av…

image

Og til slutt plukka eg rosespirea til å pynta med i stova.

image

Eg rakk akkurat heim få hausregnet begynte å hølja ned, og plutseleg var det haust ute. Det er kjempefint å få i hus litt av det naturen har å by på, og heime venta ein fårikålkokande mann, og heldigvis var det fleire enn meg å servera fårikål til, for eg hadde jo ete allereie. Ulempa med innhausting er at det høyrer med litt bearbeiding i form av rensing og lagring. Stikkelsbæra kokte eg ein slags syltetøy av, for dei var så mogne at dei kunne ikkje venta. Plutseleg var dagen gått, med kyrkje, besøk, innhausting og tilbereiing. Og eg som hadde tenkt å skriva i mange timar i dag. Nå har eg lova Halvard at eg skal sjå ein dokumentar om Johann Sebastian Bach saman med han snart. Eg koser meg veldig med å ha Halvard buande heime, nå sit han og spelar piano, det kan eg lika å høyra på.

Og så til dagens kunstprosjekt, for eg er veldig klar over at dei bileta eg har lagt ut her ikkje er kunst, men rein dokumentasjon via ein i-pad.  Men altså, dagens kunstprosjekt er lyrikaren Olaf Bull. Det er ein grunn til at desse store gamle lyrikarane er store, dei skriv rett og slett veldig bra. Her er eit dikt om barn, som eg fekk av nokon då eg vart mor for første gongen for akkurat 27 år sidan… Eg har forandra litt på rettskrivinga, retta aa til å og dig til deg, for at det skal bli lettare å lesa.

Barnet

Du lykkelige kravlekryp,
min sønn, du lille jord-erot,
Du læremester fra et dyp
dernede ved min voksne fot!
Du boltrer deg med ny forstand
og rekker henrykt tungen ut!
Ja, sønn, i går fikk du en tann,
i dag er heggen sprunget ut!

Å, tar jeg deg i armen opp,
Og legger kinfen til din kind,
er sjelen i din lille kropp,
Gud være lovet, ikke min!
Allikevel, mitt barn, det er
En sær fornemmelse for meg,
at være deg så evig nær
,
og slettes ikke være deg!

I treets skygge står din mor,
og skjønner strålende, at sånn
av hennes evighet som gror
forunderlig på egen hånd,
Hva er du for et lite sinn
som med en søt og heftig tross
en høstdag skiftet sol og vind
på denne måten mellom oss.

Jeg prøver fange i et kyss
et varig minne av din vekst,
men du er ny, hva var du nyss,
du søtt foranderlige tekst?
Og tusen gange slås det bro
bak barnepannens høye hvelv
imellom dødelige to,
som skiltes av den dunkle elv.

Og så for hver en dag som går
i sol og regn, fra gry til kveld,
blir du, fra helt å være vår,
bestandig mer og mer deg selv!
Rekk hånden til din far og mor,
før veien bøyer evig av!
Den venter oss, den sorte jord!
Nu går vi tre til hver vår grav.

Olaf Bull

Eg ber om unnskyldning for dei fire siste linjene, eg hadde jo lova at nå var det slutt på det melodramatiske streifet av død for ei stund… Eg hugsa ikkje at diktet slutta sånn, når eg tenkjer meg om så har dei fire linjene vore borte i dei versjonane eg før har lese, og eg har stussa over at diktet slutta med ei halv strofe… Men me får visa Olaf Bull den respekt at me tek dei med. Kanskje var det meir på sin plass å minna om døden for hundre år sidan på grunn av tidsånden? Kven veit. Det var nok i alle fall ei tid der døden var ein endå meir truande realitet…

Men hugs heller dette innlegget for ripsen og plommene…
Nå ventar snart Johann Sebastian Bach oppe på loftet, og vinden der ute har begynt å minna om ein skikkeleg hauststorm.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget