Gå til innhald

For alt som ein gong var

september 18, 2013

frosk i baryton

Dette er ein tekst spesielt tileigna alle dei som eg på eit eller anna tidspunkt i livet mitt delte kvardagar, humor, djupe tankar og rare innfall med. Menneske kjem og går i eit menneskeliv, men det finst mange eg alt for sjeldan ser som har sin eigen vesle krok i hjartet mitt. Mange av dei har eg som venner på facebook, og folk kan seia kva dei vil om det mediet, men det er ein fin måte å kunna kikka innom andre sine liv. Eg er ein nostalgikar av dei store, og blir aldri heilt ferdig med folk eg ein gong har kjend og blitt glad i.

Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far?
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som ein gong var?
For alt som ein gong var min ven,
for alt som ein gong var,
eg drikk den gode drykk med deg,
for alt som ein gong var.
Robert Burns (omsett av Hartvig Kiran)
***
Dette var tankar eg gjorde meg då eg sette meg ned og las ei bok av den skotske «nasjonaldiktaren» Robert Burns som vart fødd i 1759 som eldst av sytten syskjen, og døydde  bare trettisju år gammal. Han blir dyrka som ein nasjonalhelt i Skottland. Det forundra meg at Auld lang syne var omsett på ein annan, og mykje mindre songbar måte i denne boka av den same Hartvig Kiran. Kanskje han meiner denne teksten betre ivaretek den litterære tonen frå Burns? Her kjem heile teksten og medan eg skriv han inn skal eg senda varme tankar til alle dykk der ute som høyrer inn under den gruppa menneske eg på denne måten vil senda ei helsing til. De er slektningar, barndomsvener, vener frå vidaregåande skule og studier og alt som seinare har hend meg, og det er i grunnen ikkje lite…
***
Sku gamal venskap gløymast av
og ut av minnet gå?
Sku gamal venskap gløymast av
og den gong då?
*
For den gong då, min ven,
for den gong då,

vi tek eit krus på veners vis
for den gong då.
*
Og du tek ditt, og eg tek mitt,
lat stupet fyllast på
!
Og vi tek tek eit krus på veners vis
for den gong då.
*
Vi to har klive bard og braut
og sanka
symrer små.
Vi har vandra mangt eit mødigt skritt
sidan den gong då.
*
Vi to har vassa elv og bekk
frå gry til kveld fall på.
Det har skilt oss ville vide hav
for den gong då.
*
Her er mi hand, du trugne ven,
og gjev meg din rett så!
Og vi tek ein hjartans dugleg tår
for den gong då.
*
Robert Burns v/ Hartvig Kiran.
Dei som kjenner meg sånn nokonlunde godt veit at eg i motsetnad til Burns helst skålar i kaffi, te , eplemost eller farris, men det skulle vel vera godt nok det! Så nå reiser eg kruset himmelhøgt og sorgmuntert til ære for gammalt venskap. Nokon som skåler tilbake?
Og medan eg har Burns i hendene, så skal han få sleppa til litt til før eg lukkar boka. Eg vart litt overraska over råskapen, det litt burleskt folkelege og samtidig det inderlege, stundom religiøse i tekstane hans. Eg veit ikkje om alt dette kjem fram i tekstane eg har vald, men det er jo begrensa kor mykje eg har tid til å sitja her og sitera ein vanleg tysdagskveld, og ikkje minst kva de har tid til å lesa… Sidan me snart skal få ein gjeng nye folkevalde tek eg med det første verset i eit dikt han eingong skreiv til dei skotske representantane i underhuset, til vårt bruk burde det stått «Høge damer og høge herrar!»
*
De høge herrar som har plikt,
fordi de valde
er til slikt
te tala varmt for vårt disktrikt
og desse grender,
til dykk mitt ringe bønedikt
eg audmjukt sender
Robert Burns
*
Så eit dikt om den vanskelege kjærleiken. Dette får stå for Burns si rekning, sjølv om namnet Gro vel neppe er det som vart brukt i originalteksten.
*
Blås i det og gløym det
Gro var blid som smelta smør
før ho fekk seg brureslør.
No som kjerring? Ikkje spør!
Blås i det og gløym det.
*
Nei, kor ho var mjuk og mild,
englegod før ho voks til!
Betre menn enn eg fór vill
.
Men blås i det og gløym det!
*
Om vi trivst og har det greitt?
Om vår elsk er like heit?
Likså godt at ingen veit-
Blås i det og gløym det!
*
Kven eg skulle ynskt var no
lagd til åt for ramneklo,
veit eg godt, men sett at Gro…
Blås i det og gløym det!
Robert Burns
***
Eg bles eit forsiktig lite slengkyss inn i kvardagen til alle dei eg ein gong kjende godt med ynskje om ein varm haust
og ein klem frå
Heidi

From → Gode venner., haust, Poesi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget