Gå til innhald

I mine armer døde sommeren

oktober 6, 2013

image

I mine armer døde sommeren

Jeg holdt den lette lyse kroppen mot min
Inntil de grønne øynene lukket seg
Sirissenes sang sluttet i det samme

Gene Dalby

I dag var me ute ein tur for å fotografera hausten. Så var det familiemiddag med pepperbiff, heimelaga is og nysteikte lappar for å feira Halvard litt, og til slutt ein biltur med øvelseskjøring med Odd Christian. Nå sit eg her og let meg berusa av at vekkjerklokka ikkje skal ringa i morgon tidleg. Det er det desidert beste med å ha ferie. Nå må eg bare hugsa å tilbakestilla vekkjarklokka. I kveld skal eg nyta å sitja lenge oppe og skriva, trur eg.  Før det let eg punkpoeten Gene Dalby sleppa til litt meir.

image

Brune barnåler
skogen
stille

Gene Dalby

image

Eg forstår kva han meiner med denne og, sjølv om eg kanskje ikkje ville uttrykt det akkurat slik…

Jeg maler fanden på veggen
så vet jeg hvor jeg har ham

Gene Dalby

Og nå skal eg ha ei arbeidsøkt med mine eigne dikt. Kanskje eg rett og slett siterer eit av dei neste gong eg er inne…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget