Observasjon undervegs
Av og til er det detaljane som gjer mest inntrykk i ei sundagsgudsteneste. Som at presten lar vera å bruka preikestolen og plutseleg syng ein song for oss. At presten går ned på huk for å velsigna eit barn som er med fram til nattverdduken. Å sjå henne med ortodoks bakgrunn pakka opp blondesjalet for å dekka til hovudet med stort alvor før nattverden, at småknisande konfirmantar vennleg blir slepte fram i nattverdkøen. At altaret plutseleg er pynta med paprika og tomatar i staden for blomar, at dåpsbarnet lyfter hovudet og smiler så strålande ut i salen at det går ein lågmælt og befriande lått gjennom kyrkjeromet. For gudstenesta er meir enn ord. Mykje meir enn ord, faktisk, men det hender me gløymer det.
Det er ganske fint å ha kyrkjebesøk som ein del av dei rutinane som er med å støtta opp eit liv. Det er ikkje nødvendig å vurdera om ein skal dit og ein treng ikkje sitja der og lura på om ein skulle ha vore ein annan plass. Det er i grunnen ganske fint å tru at ein høyrer til ein plass på same måten som ein høyrer til i ein familie og på ein arbeidsplass.
I dag song me bare gamle velbrukte salmer. Halvparten av dei minst hadde eg pugga utanåt då eg gjekk på skulen, for så lenge sidan er det at eg gjekk der at dei framleis dreiv med slikt. Eg ser det faktisk for meg at me stod der med største sjølvfølge og song før dagen starta og før me gjekk heim: «Så ta da mine hender og før meg frem» eller «Skriv deg Jesus på mitt hjerte, du min konge og min Gud, at ei lyst ei heller smerte deg formår å slette ut.» Eg går ut frå at me bare halvvegs forstod kva me song, men det var kanskje nok? Men som sagt, i dag var eg faktisk tilbake i klasseromet mitt på barneskulen, det var i grunnen uventa at det plutseleg skulle dukka opp så sterkt.
Gene Dalby blir kalla «Punk-poet». Han er og omtrent på min alder, og har vore ein stemme som er blitt lagt merke til av dei som les lyrikk. Det han skriv er ein totalt annleis sjanger enn salmer, trur eg ein kan seia, derfor kan dette passa greitt i lag. For slik er det jo å leva. Me vassar i totalt ulike stimuli som taler til oss på kvart sitt språk. Orda hans seier meg noko, akkurat som dei gamle salmene gjer det.
Observasjon underveis
På en reise. Sa jeg om landskapet At det
skiftet karakter Jeg tok feil Landskapet
skiftet ikke karakter Det var reisen
Gene Dalby
*
Blått tømmer
Jeg holder ditt ansikt i mine hender Mot mine
fingerupper føler jeg dine øynes ømme puls
Ser avtrykkene av mine fingre som årringer av
blått tømmer
Gene Dalby
*
Tredje natt
Er det bare du som har hud? Er det bare jeg
som har øyne
Gene Dalby
***
Eit anna sterkt inntrykk frå det siste døgnet er Jan Ivar som står på eit stillas på scenen i Storstova og et sjokolade medan han pakkar overkroppen sin inn i Glad-pack. Det er faktisk ein av dei scenane som verkeleg rørte meg i forestillinga «I blanke messingen», kanskje fordi ein får lyst til å le og gråta på same tida. Det er fleire forestillingar og framleis billettar å få kjøpt.
Ha ein god sundag.
Heidi

