Stole frå Sunniva
Eg låner plass hos meg sjølv for å stela litt frå Sunniva sine skriverier. Eg må bare høyre om det er greitt for henne før eg legg det ut…
Du er på eit fjell midt i Sør-Amerika og utsikta er fantastisk –
Det du gjer er å passe på å ta bilete av alle vinklane
før du sett deg inn i bilen att, og køyrer heim til hostellet.
Du tenker i ein augenblink på alle som kjem til å misunne deg når dei ser bileta,
-og smiler.
Du er på eit fjell midt i Sør-Amerika, utsikten er fantastisk –
du går ut på toppen av utsiktspunktet,
tar eit bilete for minne,
legg kameraet i veska att.
Du setter deg ned, kjenner på stillheiten.
Du lukter ei både framand og kjent lukt av jord og blomar.
Du kjenner ein skygge på deg,
du ser opp,
over deg flyg det ei ørn.
Du kjenner at bakken er varma opp av sola,
men vinden er frisk. Den bles i håret ditt.
Du sitt der i ein time,
heilt til du har fullstendig ro i sjela.
Du reiser deg opp,
setter deg tilbake i bilen
og tenker at det var dumt
at du gløymte å ta bilete av ørna.
Men du smiler heile bilturen tilbake til hostellet.
Sunniva i Bolivia.
For dei av oss som ikkje er i Bolivia akkurat nå, høyrest dette veldig eksotisk ut, men dei same prinsippa gjeld for oss og.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Filosofi
