Gå til innhald

Dansk oktober

oktober 12, 2013

image

Danmark kjem ikkje lenger til å vera eit sommarland for meg. Danmark i oktober var eit eventyr som absolutt kan anbefalast. HC Andersen sin by var eit av høgdepunkta på turen. Odense vil eg tilbake til.

image

Om kvelden gjekk me ut for å finna oss ein plass å eta middag, og me landa rett og slett på at dette var kvelden for noko litt utanom det vanlege. Me ende opp i eit lokale i nokre veldig gamle hus, der dei rett og slett hadde lagt tak over bakgården mellom to hus slik at ute vart inne. Restauranten var i gammal stil, og maten var den typen eg nesten kan tru at dei serverer på slottet, og som dei kanskje serverte når HC Andersen, litt keitete både kroppsleg og sosialt kom til fine selskap i heilt andre samfunnslag enn der han vaks opp. Reisekameraten åt andebryst med raudvinssaus og noko eg lurer på om dei kalte svampebrød som var eit litt foccaccialiknanede firkanta stykke som såg ut som brød, men som viste seg å vera rårivne poteter steikt som ei kake i langpanne. Eg åt fylt raudspette med fenikkelpure inni, saman med mange slags steikte grønsakar og den same typen potetbrødrute, med ein fantastisk saus over. Dessertane var av type flamberede pannekager med hjemmelavet is og frugter, men dei vart me alt for mette til å utforska. I staden fekk me kaffi servert med gammaldags kandissukker. Dei på nabobordet åt gravlaks, og den vart skoren opp lauvtynt på eit serveringsbord ved bordet deira. Det er ikkje fint å lytta, men eg klarte ikkje å la vera å høyra kva den eldre herren som sat rygg til rygg med meg i det nokså trongt møblerte romet sa til selskapet sitt:

«Dersom min avdøde svigerfar havde set de kolbøtte min kone har gjort de siste år, havde han garantered falled død om, jammen det tror jeg virkelig på alvor… Og for en uge siden havde jeg åtte og halvfjerds tusen kroner på min konto, men min datter skal have så lille som mulig i sin arv efter mig. Og når man så har fundet et sted der man trivest med maden og servisen…» Nei, nei, ikkje lytta til kva dei innfødte snakkar om, sjølv om det er vanskeleg… Og eg klarte å la vera å snu meg for å finna ut kor gammal mannen var og korleis han ser ut. Ein kan jo kanskje fromt håpa at han forsonar seg med dottera før det blir arvetid, og at kona er ferdig med å slå kollbøtter….

image

Neste dag bestemte me oss for å utforska austkysten av Jylland, og fann ein veg ytterst mot havet på den sida og. Haustfargane i Danmark var bare heilt fantastiske. Fargesamansetningane var slik at eg fekk lyst til å reisa heim og strikka gensarar i dei same fargane. Eit par gonger unde me oss pausar for å fotografera.

image

Tytebær, eikenøter, mose og eikeblad, sjå så fine fargane er i lag.  Eg trudde eg såg den største kreklingen eg hadde sett i mitt liv, men det viste seg å vera ein veldig svart og veldig blank stor bille. Det var godt handa ikkje gjekk alt for fort opp til munnen…  Rett utanfor synsfeltet på det øverste biletet braut havet på, så det må du som lesar tenkja inn i biletet. Eg trur fotografen min har teke endå mykje finare bilete enn dette, men inntil dei blir tilgjengelege, så får du nøya deg med mine.

image

Litt utpå dagen kom me til Sæby, som eg vil tru opprinneleg er ein fiskarlandsby ute i havgapet. Her tok me ein pause og åt fiskesuppe på ein liten kafé. På føremiddagen hadde me vore innom eit lite bakeri og kjøpt valnøttbolle og bedstemorsboller med sjokolade. Bakeriet reklamerte med at de hadde norske kleininger. Eg torde ikkje å spørja kva det var for noko, og det irriterer meg litt. Eg må gjenta frå det eg skreiv for nokre dagar sidan at utvalet på danske bakeri er nesten sjokkerande. Et verkeleg danskane alle desse kakene? Eg fekk meg ikkje til å i det heile teket smaka på noko meir usunt enn valnøttboller, men reisekameraten min var i ferd med å bli skikkeleg hekta på danske wienerbrød. Sikkert på tide å få han der i frå…

image

Litt før fem ankom me Skagen som og er ein av favorittplassane mine her i verda. Me rakk akkurat å drikka kaffi på utsida av eit bakeri med ein slags müslibolle til. Det er første gongen eg ser Skagen i noko anna enn sommarlys, men alle dei okergule husa gjorde seg veldig bra med kulisser i haustfargar og. Huset på biletet er huset til Anna og Michael Ancher, som nå er museum. Eg har vore inne der fleire gonger før, men hadde me kome dit når det var ope, hadde eg sikkert gått dit igjen. Eg fann ein open bokhandel og kjøpte meg ei bok med Anna Ancher sine brevvekslingar. Eg har ein litt sær interesse for slike brevbøker. Boka opnar med ei anekdote eg har høyrt før. Kvelden før den natta Anna Ancher vart fødd, kom sjølvaste HC Andersen til «Brøndums hotel» som vart drive av foreldra hennar. Han ville gjerne ha raudspette, og fru Brøndum, som gjerne ville gjera intrykk på den store diktaren sende «pigen» heilt ut til grenen for å få kjøpt raudspette. Medan ho venta, bakte ho vannbakkels ho ville servera han til dessert. Dessverre vart det for lenge for diktaren å venta på maten, så han gjekk frå bordet i sinne utan å smaka på maten. Den høggravide fru Brøndum gjekk rett i seng og i fødsel før tida etter påkjenningane. Men HC Andersen skal visstnok ha skrive varmt om raudspetta på «Brøndums hotel», så det gjekk viss over i likaste laget.

image

Skagen med visnande stokkroser.

image

Då me kom til kaien i Hirtshals bles det friskt, og med turen over Skagerak i sommar i friskt minne, lurte eg på kva slags natt dette skulle koma til å bli. Det var ingen grunn til bekymring. Bergensfjord manøvrerte oss stødig over mest heilt utan sjøgang. Den store overraskinga var at me var blitt plasserte i ein skikkeleg luksuslugar, med salong, TV, kjøleskap og vinflaske på bordet. Det mest fantastiske var at denne var heilt i baugen på båten, slik at ein nesten fekk sånn følelse av å vera gallionsfigur, som på Titanic-filmen. Det var mørkt då me kom ombord, men i morgontimane mellom sju og ni fekk me med oss soloppgang og det å segla langs kysten av Sørlandet og Jæren i pastellfarga morgonlys. Det var ikkje så lett å fotografera, men eg gjorde nå eit forsøk…

image

Kanten av lugarvindauget med utsikt over baugen.

image

Her nærmar me oss Stavanger. Dette biletet er teke 15-20 minutt etter det første, og det går an å ana korleis lyset forandra seg under soloppgangen.

Då me la til i Risavigå var det strålande sol og knallblå himmel. I dag har veret vore heilt utruleg fint. Me hadde litt forsømt arbeid å ta att, og til nytte og glede var me og lånte med oss Oscar, som vart servert tyske hundekjeks…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget