Gå til innhald

Det første romet

oktober 21, 2013

image

Prinsesse i svaneham

Sommaren er lukter,
nivea, kvitmaling, nyslege gras,
er stikkelsbær som eksploderer
mot himmelen inne i munnen,
skarpt mot tunga mi.

Sommaren er solbriller,
er parasollar og rosespirea
med små kvite støvberarar.

Heilt til dagane mørknar
og hausten kjem
med grus og pannekaker
med sardiner i tomat og grovbrød,
med Per-margarin og  kakao.

I dei mørke kveldane
flatt på magen på golvfjølene i stova,
kjem HC-Andersen inn i mitt liv
med døde reisekameratar
og prinsesser i svart svaneham
som må piskast til blods
for å bli gode att

Med Store Klaus som drap bestemor si,
og ville selja henne på torget.
Dei beit seg alle fast i havfruehalen min
som blåskjella på systrene
til ho som ofra stemmen sin.
Dei skal pynta meg langt inn i æva.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget