Det vinterfarga romet
Eit av roma har vinterfarge, og det er ikkje frykteleg lenge til me skal inn dit igjen…
Denne blonde tilliten
Ungane på lange rekkjer
til knes i snø.
Dei held oss i hendene.
Me kjenner varmen,
gjennom polvottar
og strikkehanskar,
rekkjer dei fram
denne blonde tilliten,
med skrubbsår på begge knea,
under parkdressane,
under olabuksene,
stillongsane og strømpebuksene.
Velsigna
Når alle desse barna
med mjuke kinn
og rennande vinternasar
kjem og vil varma hendene,
står du der
i den gamle lilla kåpa
og forstår
at det er velsigna du er.
Og visst har du fått
minst ti minutt med pause
etter å ha rydda vekk
keramikkrokkodillar
og grisar
med merke frå barnefingrar
pressa inn i den våte leira,
og du har rukke å moppa golvet.
Etter ein kopp kaffi
lever du godt
med keramikkstøv på genseren
med lag av leire under neglene
inntil vidare.
Heidi
