Gå til innhald

Moders-vingen

november 1, 2013

valmuer

Deler av dagen har eg sitte med den nye salmeboka i handa for å førebu meg litt til ein kveldsgudsteneste i Bryne kyrkje sundag om to veker. Eg skal lesa opp, fortelja og snakka om det å skriva salmar og litt om den nye salmeboka som blir teken i bruk nå om nokre veker. Eg kjøpte meg eit eksemplar sist laurdag, og må innrømma at det er ei litt underleg kjensle å sitja der og bla og finna to av mine salmar og to av mine omsetjingar der. Eg visste jo om det då, så sjokket kom eigentleg for fleire år sidan. Dette er ein prosess som har teke tid. Det som slo meg var at det finst veldig mange fine tekstar i den nye salmeboka. Eg som er så hekta på å lesa fin lyrikk for tida, kan like godt lesa her som i diktbøker. Eg har rett og slett lyst til å dela eit par tekstar. Eg fann ein for meg heilt ukjend Lina Sandell – tekst. Eg er veldig glad i Lina Sandell som har skrive songar som «Blott en dag» og «Bred dina vida vingar». I denne teksten kjem den moderlege sida av Gud godt fram. Det er snart 140 år sidan teksten vart skriven, men kanskje tida ikkje var mogen for modersvinger i svenska, og norska kyrkjan? Her er teksten.

Nu vil jag sjunga om moders-vingen
som mig betecker i nödens tid.
Nu vil jag vila vid modershjärtat,
där blir jag stilla, där får jag frid.

Det modershjärtat har ej sin like
i trofast kärlek, det ser jag nog.
Vem fattar höjden, vem mäter djupet
ut av den kärlek som för oss dog.

Den moders-vinen har ljuvlig skugga;när solen bränner min arma själ.
Den moders-vingen har varma fjäder
när stormen vinar kring mig jämväl.

Jag är i oro, i ständig fara.
Jag är i mörket, men tröstar på
den moders-vingen, det modershjärtat.
Vad nöd så länga jag har de två?

Ty jag vill glömma all livets smärta,
all tidens oro, allt jordens ve.
Och tyst mig gömma blott vid det hjärta
vars nåd och huldhet jag nu fått se.

Lina Sandell

Eg har og lyst til å ta med ein annan tekst frå salmeboka som har same temaet. Dette er ein tekst eg har vore glad i i mange år. Det er ein Iona-tekst av John Bell, omsett av Hans Johan Sagrusten.

Sjå den som bur i livd hjå Gud,
under Guds, Den høgstes vern,
han seier «Gud du er mit von, mi livd
og ikkje skal eg ottast.»

Han dekkjer deg med vengen sin,
Herrens veng vil gje deg livd.
Hans truskap er ditt skjold, ditt vern,
og aldri skal du ottast.

Om tusen fell ved sida di,
tusen ved di høgre hand,
er enno Gud ditt skjold, ditt vern,
og inkje vondt skal nå deg.

Til englar gjev han bof om deg,
byd dei vara all din veg.
På hender skal dei bera deg,
din fot skal ikkje støytast.

Eg bergar den som lit på meg,
den som kjennest ved ditt namn.
Eg svarar han i naud og trong
og let han sjå mi frelse.

John Bell/ Hans Johan Sagrusten

Diktsamlinga er klar til trykking. Det som ikkje er fiksa på nå får vera som det er. Det er veldig mørkt ute sjølv om klokka ikkje er sju ennå. Det er tydeleg at me er komne til ei mørkare årstid. Eg hadde tenkt meg ut ein tur med Oscar, men det regnar og det bles… I alle fall bygevis…Så har eg skrive eit brev eg har tenkt på å skriva i sju år. Det er godt kva som blir gjort til slutt, men som HC Andersen seier i slutten av eventyret om prinsessa på erten. «Men se det er en anden historie.» Og eg håpar at Sunniva held sykkelen på vegen der ho nok trillar nedover den såkalla Dødsvegen akkurat nå…

Heidi

 

From → Barna mine, haust, Poesi, Tru

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget