Gå til innhald

Helgene går så fort

november 3, 2013

Akkurat som vekene gjer det. Denne helga har vore fin. Det er som i songen «Dagarna mörknar minut för minut». Ein kan likegodt bestemma seg for å lika det, for slik er det bare. På mange måtar liker eg mørket. Det legg seg som eit teppe kring kveldane og sveiper oss inn. Verda blir på ein måte mindre, for ein har ikkje utsyn frå stova si.

image

image

image

 

I går var eg med på å støypa heilage-tre-kongars-lys som skal selgjast på julemessa i kyrkja. Du veit slike trearma lys som opprinneleg var til bruk på heilage-tre-kongars-dag. Det fine var at me fekk det til, i alle fall sånn nokonlunde. Tjueto trearma lys vart det av det til slutt. Dei var heilt tydeleg handlaga med kvar sin heilt personlege utforming, men det er vel bra… Det er koseleg å vera i saman ein gjeng med trivelege damer for å laga noko saman. Det er slike lagetreff med jamne mellomrom gjennom heile hausten. Eg har sans for at gjenbruk er eit slags motto. Veldig mykje blir laga av ting ein har fått gratis, av stoffrullar ein har funne på loftet, brodergarn som nokon ikkje har bruk for lenger, gamle blonder og kniplingar. Kanskje ikkje så mange kniplingar då, om ein skal halda seg strengt til sanninga, men det er ein flott tanke å laga fine ting av noko nokon elles ville ha kasta, og ein fin tanke at ein kan laga ting som nokon har lyst til å kjøpa, og så blir det pengar til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja. Det må vel vera ein vinn-vinn-vinn situasjon? Lysa er støypte av gamle stearinlys. Me produserte og farga lys, men akkurat denne typen må vera kvite.

I går kveld hadde me ein koseleg kveld hos Karin og Tor Jan på Ålgård. I dag bakte eg ei stor gjærkringle og fylde halvparten med mandlar og rosiner og den andre halvparten med vaniljekrem.  Så tok me med oss baksten og reiste opp for å sjå til mi nyopererte mor, som det heldigvis gjekk veldig bra med. Tilsaman var me sju gjester der i dag, så me får håpa det ikkje vart for mykje for pasienten. Halvard spelar og spelar og spelar på pianoet oppe, på pianoet nede og på keyboardet sitt. Det er så koseleg å høyra på. Sunniva kom heilskinna i frå sykkelturen på dødsvegen, eg trur dei var slite, men glade og fornøgde då dei kom fram. Med huset til Ingrid og Oddvar går det framover heile tida. Eg er imponert over tempoet.

Nå gjeld det å få seg litt søvn før inngangen til ei ny veke. Eg har viss vore litt for ivrig med diverse denne helga, for akslene mine er litt stive etter broderier, skriving og lysdypping.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget