Gå til innhald

Tysdagskveld frå Rosseland

november 5, 2013

november Bryne

Eg sit her og er nokså utlada etter ein vanleg tysdag med tur og langdag med førsteklassingane og så skrivekurs med kulturskuleelevar. Eg fekk likevel lyst til å skriva nokre setningar før dagen er heilt slutt. Det første eg hadde lyst til å skriva om var ansikta til dei som møter oss når me er ute på tur med mellom femti og seksti fem- seksåringar marsjerande to og to med regntøy, luer, gummistøvlar, gule refleksvester og ranslar med fargeglade regntrekk. Dei ser heldigivs på oss med blide auge. Veldig mange vaksne får ein eigen varme i blikka og ansikta når dei møter ei gruppe barn. Eg har ofte lagt merke til det, og det gjer meg glad. Eg ser at det å møta sprell levande ungar gjer noko med vaksen menneske, og det gler meg langt inn i sjela at det faktisk er slik det er. Så er det sjølvsagt ein og annan sjåfør det passar litt dårleg for å måtta venta ved eit gangfelt medan ein stor flokk ungar og fem-seks vaksne i fornuftige regnklede med falkeblikk og refleksvestar kryssar vegen. Heldige dei av oss som nesten dagleg får halda i barnehender, enten dei er iskalde ute i regn eller varme og utålmodige inne i gangane på skulen. Visst krev det ein nokså stor porsjon tolmod rett som det er, men alt i alt er det ei stor velsigning.

Det andre eg ville skriva om er spesielt retta til musikarane blant lesarane mine. Eg er interessert i dette med reglar for plagiering. Dersom ein kjenner att ein takt frå eit anna musikkstykke, er det då plagiering? Kor går grensene. Eg har eit samarbeidsprosjekt på gang, det er ikkje eg som komponerer, men kanskje me må fiksa på noko fordi det på eit gitt punkt i melodien minner om noko anna?

Det siste på agendaen min i dag er lyrikaren Arnold Eidslott. Då eg var eit par og tjue hadde eg ein stor draum om å bli lyrikar, og eg kjøpte eit lyrikkmagasin som var i salg på den tida. Eg var og medlem av bokklubbens lyrikkvennner og las det meste eg kom over. Det kan virka som om det rett og slett var betre vilkår for lyrikk på den tida. I det nevnde tidsskriftet var det ein artikkel om Arnold Eidslott, telemontøren som vart rekna som kanskje Norges fremste lyrikar med sterke røter i kristentrua. Eg las og tenkte at kanskje er det slik eg må skriva for å få draumen min oppfyld. Slik vart det ikkje. Eg likte og liker framleis tekstane hans veldig godt, men det som har blitt min måte å skriva på er nok mykje enklare og meir kvardagsleg, og kanskje naturleg nok, meir feminin. Nokon stor lyrikar er det ikkje blitt av meg. I mange år har det vore viktigare for meg å skriva ting til barneteater, barnemusikalar og salmar. Likevel opplevde eg å få gitt ut ei diktsamling på eit norsk forlag då eg var tjuefire år. Eg hadde ikkje vit i det heile tatt til å forstå kor heldig eg var. Eg trur rett og slett eg var for ung til heilt å skjøna det. Nokre år seinare gav eg ut ei ny bok på same forlaget, og då bok nummer tre var nesten klubba gjennom trakk forlaget seg ut av prosjektet fordi dei av økonomiske grunnar ikkje våga å gi ut lyrikk…

Og framleis er nålauget veldig trongt. Få forlag vågar å satsa på lyrikk, og dei som gjer det satsar ofte på dei namna folk kjenner frå før. Så nå har me kasta oss ut i den nye måten å gjera det på, gjera alt sjølv. Og diktboka eg gav ut i fjor solgte godt, men sjølvsagt hadde det vore fint å ha eit forlag i ryggen med innkjøpsordning til biblioteka, bokpresentasjonar i bokkatalogar og anmeldingar i avisene. Kanskje kjem eg dit igjen ein gong, kven veit. Eg har i allefall kome tilbake til der eg var i tjueårsalderen der eg har veldig lyst til å verkeleg fokusera på lyrikk. Sirkelen er kanskje på ein måte slutta. I dag fordjupar eg meg i Arnold Eidslott og lurer på om eg likevel kanskje har ein del å læra av han.

Bruckners adagios

Stille, stille her talertausheten taler det navnløse
i stoffet og ånden i lagunen
og i set stormslåtte storhavet
En stor tilståelse avlet av nød
er Brukners adagios lytt tålmodig
og du hører et hjertes anrop
under stjernenes taushet i evige rom

Arnold Eidslott

 

Guds tårer

Jeg så et hav
varmere dypere renere
enn disse hav som omfavner
landet med denne ulykkelige slekt
Det var et hav større enn rommet
og et hav av kjærlighet avlende
nye kloder som barnehoder
med hav som klare øyne
barneøyne rene
rene av nærhet
Guds nærhet

Arnold Eidslott

Og nå får eg landa dagen. Morgondagen blir og intens.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget