Plast-tenner, TV og julesong i november
Eg skal ikkje skryta på meg å vera blant dei som «ikkje kjenner det ein plass» når dei skal til tannlegen. I dag var dagen komen, etter å ha utsett det ein gong og sagt i avbestillingsmeldinga at det slett ikkje hasta med ny time. Men også timar det ikkje hastar med kjem ein vakker dag. Eg kjørde den sedvanlege sjarmoffensiven med tannstikkere og ekstra grundig puss dei siste dagane. Eg visste at det ikkje kom til å la seg skjula at eg hadde brekt ein bit av den eine framtanna ein gong i sommar, og det ante meg at tannlegen min ville synast at eg burde gjera noko med det… Men kva gjer ein eigentleg med slike tenner? Sliper dei ned og set på ei rådyr porselenskrone? Får heile tanna ut og set ei ny på ei stift i kjevebeinet? Nei, det siste trudde eg vel eigentleg ikkje, men som sagt så er min fantasi utan grenser når det gjeld sjukdom og slikt…
På veg over torget med nypussa tenner, møtte eg ein mann med mikrofon og ein annan mann med kamera, som fortalde meg at dei kom frå TV-vest. Dei lurde på om dei kunne få spørja meg om nokre enkle spørsmål. Sidan det var fem minutt att til tannlegetimen, og sidan eg av naturlege grunnar var i det modige hjørnet, så svarte eg ja, for kva er vel eit tv-kamera mot ein time i tannlegestolen? Eg fekk ikkje vita spørsmålet før dei begynte å spørja, og eit sekund frykta eg at dei skulle koma med ein vanskeleg etisk problemstilling eller med eit veldig enkelt spørsmål av typen «Kven er statsminister i Norge?» og at eg kunne få jernteppe og ikkje ana svaret…
Spørsmålet var: «Kva forbind du med Jæren?» Etter å ha svart noko om hav og strand og masse himmel, og vind og regn, så spurde dei meg om kor Jæren begynte. «Jæren begynner på Sandnes», svarte eg. «Korfor?» var neste spørsmål. «Fordi det står i Sandnessongen at Sandnes er porten til Jærens forjettede land, » svarte eg. «Og kva meiner du om det? » «Om at Jæren begynner på Sandnes???» «Ja!» «Det er heilt greitt for meg, og ikkje eit spørsmål som har halde meg mykje vaken om nettene, akkurat…»
Eg anar ikkje om dei kjem til å bruka intervjuet, og kjenner at eg ikkje har frykteleg lyst til å finna det ut ein gong…. Vel oppe i tannlegestolen prøvde eg meg med at viss tannlegen ville på fjernsynet heller enn å behandla meg, så var det heilt greitt at han gjekk ned trappa og ut på torget heller enn å kasta vekk tida si med meg. Eg trur nesten at han virderte det, men valde likevel å bli ved sitt bord og bor. Heldigvis hadde eg «null hull», men som frykta så ville han gjerne reparera tanna mi. Det skal leggjast på eit slags plastpreparat, og det skal koma til å sjå heilt naturleg ut, er eg blitt lova, og tanna skal få stå som ho er. Det høyrest heilt greitt ut, og eg er ikkje frykteleg lei meg for at eg må venta ein månad på å få det utført.
Eg feira vel overstått første del av tannlegebehandlinga med å bestilla frisørtime på fredag, noko eg har tenkt lenge på at eg må få gjort. Eg var og innom ein butikk og kjøpte seks små kvite fuglar til å festa i juletreet. Dei siste dagane har eg jobba med ein julesong, og i dag planla me juleverkstad i førsteklasse, så kanskje eg er inspirert. Julesongen er eit samarbeisprosjekt med Halvard som ikkje har prøvd seg som komponist før, men som hadde lyst til å prøva. Kreative prosessar er ofte mangslungne og fleireledda. Me nærmar oss eit resultat, men er i den fasen akkurat nå at me ikkje ser sjølv om det er brukbart, bra eller skikkeleg dårlig. Kanskje eg deler det likevel? I kveld skal eg drikka te hos Astrid. Det blir fint.
Heidi
¨
LIknande innhald
From → Barna mine, haust, jul, Livet og alt ein burde ;-), Musikk
