Gå til innhald

Profesjonell eller ikkje?

januar 15, 2014

svanehalsar

I kveld har eg og Sunniva sett ein dokumentar-spelefilm om Winnie Mandela. Han var veldig interessant og gav meg litt meir forståing for korleis livet hennar utvikla seg til å bli. Filmen framstiller henne som ei sterk og idealistisk kvinne som gjekk gjennom veldig sterke ting og harde prøvelsar, før ho tok nokre fatale feilval som gjorde at ho og Nelson måtte fylgja kvar sine vegar etter at han vart lauslaten.

Noko eg har tenkt på i det siste, er ei av tankerekkene til Charles Ringma, som eg som kjend er i ferd med å lesa. Han snakkar mykje om medmenneskeleg varme og nestekjærleik. Han snakkar om om einsemda som eit stort samfunnsproblem, og held fram det dei fleste må vera einige i: Det mennesket djupast sett søkjer er varme, vennskap, aksept og grunnleggjande fellesskap med andre menneske. Så langt kan det ikkje seiast å vera kontroversielt, men så kjem tankekorset: Er me i ferd med å skapa eit samfunn som er alt for profesjonalisert? Er det, om ein set det veldig på spissen, blitt slik at ein må oppsøkja ein betalt terapeut for å få dekkja desse behova? Er me blitt for redde for å vera medmenneske, at me påropar oss profesjonaliteten med dei grensene det inneber, som eit skjold for å beskytta oss sjølve. Med andre ord: Dersom eg er profesjonell må eg skilja det eg utrettar profesjonelt strikt frå det som er privatlivet mitt.

Ringma stiller spørsmål ved om me er blitt for redde for å involvera oss med heile oss, og om me er blitt for redde for å by på oss sjølve… Blir det sett på som uprofesjonelt å ikkje setja desse grensene? Eg veit eg har stilt meg desse spørsmåla, og eg veit at eg sjølv nokre gonger har kome til å involvera meg på ein måte som grenser til det uprofesjonelle. Eg ser heilt tydeleg at ein må våga å setja grenser for kva som er privat, og at det kan vera direkte farleg å skyva sitt eige privatliv inn på arenaar der det kan virka direkte invaderande. Likevel ser eg grunn til å tenkja gjennom det han seier. Er me som enkeltmenneske, som samfunn og som kyrkje blitt for redde for å «bry oss»? Er me blitt redde for å ta ansvar og for å vera medmenneske for dei som verkeleg treng det, enten det dreier seg om ei krise eller om vedvarande situasjonar? Har me gløymt å sjå at me djupast sett er i same situasjon alle saman, som medmenneske som treng medmenneske?

Og som eg har sagt før, Ringma er ingen tørr teoretikar, han har jobba på gata med dei som treng det aller mest, og slik eg tolkar han meiner han at me skal våga å vera heile menneske overalt der me er, uavhengig av om me utøver jobben vår eller ikkje…

Det kan vera eg var litt rotete og uklar i dag. Eg har kanskje ikkje tenkt nok gjennom desse spøremåla til å kunna formulera meg godt. Men eg anar at dei er viktige, og at me kanskje snakkar for lite om det å vera menneske. Eg trur at fleire enn meg har ein agenda om å våga å vera tydeleg, heil og varm. Og at det er fleire enn meg som ikkje alltid synest at me lukkast heilt med dette prosjektet.

Og sånn elles, før eg tek med den siste boka til Tore Renberg, som Sunniva fekk til jul, og nå har lese ut, med meg i senga, så vil eg bare ha nemnd at eg aldri sluttar å forundra meg over dette merkelege, surrealistiske og forunderlege livet der det skjer så mykje merkeleg som ein aldri hadde forventa, og som ein vekselvis kan gråta over og le av, heldigvis mest det siste.

I dag har eg snakka med farmor i telefonen for å gratulera henne med nittisjuårsdagen. Ho sa at ho merker at kreftene blir mindre, men at ho har bestemt seg for å vera takknemleg for at ho er «såpass goe» som ho er. – Bare det…

Og etter eit såpass fromt innlegg kan det vel passa med ei bøn for alle barn, og for oss andre… Frå bøneboka, ikkje frå meg…

***
Barna
er nok dei einaste
utanom deg, då
som har full tillit
til kjærleiken
Gud, gjev oss ei verd
der dei kan sleppa å bli skuffa.

***

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget