Gå til innhald

Eg og eller Tore Renberg

januar 17, 2014

image<a

Det smakte utruleg godt med ein roleg morgon i dag, litt lesing på senga og sein frokost med Sunniva, som hadde vore på trening og skulle på jobb først klokka halv eitt. Spesielt var det godt å kunna sova litt lenger enn vanleg etter å ha lese litt for lenge i den siste boka til Tore Renberg ; «Vi ses i morgen.»; Eg er nå godt over halvvegs og kjenner at eg kunne tenkt meg å lesa ho ut akkurat nå. Dei siste fem dagane har eg lese to og ei halv bok, og slik har eg vore alltid at eg plutseleg vil lesa, lesa, lesa. Då eg var barn slepte eg med meg tunge posar heim frå biblioteket og prøvde å finna ein stad i huset der ingen oppdaga at eg var og kom på dei tankane som var så populære i Norge på syttitalet; at barn skal vera ute og ikkje inne…

Om eg liker boka sidan eg slukar ho med så stor appetitt? Eg synest av og til liker eller ikkje liker er eit irrelevant spørsmål når det gjeld bøker, så korfor i alle dagar stilde eg meg sjølv det spørsmålet? Eg synest at Renberg er ein god forteljar, i boka fortel han med mange stemmer ved å gå inn i ein og ein karakter. Det er eit spennande prosjekt i seg sjølv. Ikkje alle karakterane fenger meg like mykje, men alle høyrer til i den store forteljinga. Renberg er ein dyktig forteljar. Han skriv om menneske med til dels triste skjebnar og korleis dei fyller kvar sine liv i eit stort puslespel. Han gjer det til dels på ein rå og pessimistisk måte, samtidig som det ligg masse livskraft og humor i livsforteljingane som er sentrerte om nokre få dagar i ein bydel i Stavanger. Den tanken eg fekk når eg las var at om eg skulle skildra akkurat dei same menneska ville eg gjera det med andre tankar og andre ord. Eg kunne gjort det på hundre ulike måtar, og det kunne Renberg og. Når ein er forfattar er ein ein gud som bestemmer kva folk skal tenkja og føla. Det eg kjende var: «Eg kunne ikkje la folk tenkja på Renbergmåten, for det var ikkje den måten som kunne ha vore logisk for meg.» Hundre måtar, men ikkje Renbergmåten. For meg er han ikkje desse tankebanane alltid heilt truverdige. Og utan tvil ville det ha vore likt om han skulle besjela karakterar som eg hadde funne på. – Eg har ikkje gløymt at det er han og ikkje meg som er forfattar, men tankane er interessante.

Logikken vil kanskje vera at ingen kan skildra ei gruppe menneske med autentiske tankar, for ein forfattar vil frå sin gudopphøgde ståstad alltid bruka element av eigne tankar og erfaringar, for korleis skulle ein elles gjera det?
Tore Renberg er i karakterane sine med ein varme som gjer at ein får sympati med dei alle saman. Det liker eg. Kanskje desse tankane er mest interessante for meg sjølv, men nå skreiv eg dei viss ned i alle fall…

Nå er det på høg tid, eller eigentleg langt over tida for å gå laus på mine eigne skriveprosjekt. Eg vil anbefala alle som les dette å lesa bøker. Som ein eller annan har sagt «Å lese er å tenke med et annet menneske sitt hode…» Eg har alltid kjend ein litt skrekkblanda fryd ved å bli trekt inn i andre menneske sine tankar gjennom ei bok. Av og til kjenner eg at det gjer noko med mine eigne tankar. Det er skremmande og spennande på same tida. I ei spalte i ei avis blir mellom anna næringslivstoppar spurd om kva bok dei har på nattbordet. Ofte svarar dei at; Tida strekk ikkje til til lesing, det blir kanskje ei krimbok i påsken… Med mitt eige litt forskrudde hode, prega av mine tankar og erfaringar, tenkjer eg at det er litt trist og litt skremmande at folk ikkje har tid til å lesa bøker, og eg ser konturane av den høge hesten eg av og til klatrar opp på, – med eller utan venger…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget