Revy og solsikkedikt
Eg er nå sånn passe utlad og veldig glad, etter tre omgangar med revy i den veldig lokale andedammen, etter å ha send elevane heim for dagen. Det har vore nervepirrande, sosialt og kjekt. Me synest sjølv at det gjekk bra og er glade og letta over å vera så langt. Nå har kommunalt tilsette og elevane på dei fire første trinna på skulen vore og sett på oss. Dersom nokon har lyst til å lura seg inn for å sjå, så er torsdag klokka fem ei god tid. Då kjem det bare eitt klassetrinn saman med tilhøyrande foreldre, så då har me plass til fleire.
Sidan eg kombinerer bloggen min med ei diktutfordring på facebook, som har fått meg til å leita i dei aller eldste diktbøkene mine. Her kjem dagens sommardikt. Eg seier det viss om alle lyrikarane eg nemner her på denne sida, men Harald Sverdrup er og ein av mine favorittar.
Solsikkediktet
Først dikter jeg en grønn spire,
og så et blad til høyre
så et blad til venstre.
Siden dikter jeg en grønn stengel,
og aller øverst dikter jeg solen.
Og når solen ikke er mer,
dikter jeg etthundre stjernefrø
og byr himmelens fugler å ete:
Jeg ber dem likevel å spare
ett av mine frø.
Så dikter jeg døden.
Harald Sverdrup
Heidi
