Pinsedag

I dag starta eg og dagen ganske seint med å gjera meg klar til at me skulle sykla til Timekyrkja på pinsedagsgudsteneste. Datoen og dagen tatt i betraktning, så hadde eg vurdert å ta på ein sommarkjole. Etter ein kikk innom yr vart det langbukse og ullkofte under kåpa, og i tillegg ullvottar på hendene.
Eg må innrømma at ikkje alle mine kyrkjebesøk er ut i frå eit reint lystprinsipp. Akkurat som eg uti frå rutinane mine står opp og går på jobb kvar morgon, og akkurat som eg i beste fall tek på regnklede og går ein tur sjølv om det regnar, så prøver eg å koma meg i kyrkja på sundagane, fordi eg har ei overbevisning om at det er godt for meg, og etterpå er eg alltid glad for å ha vore der.
Av og til får eg ei sterk oppleving av det som står i salmen:» Som når eit barn kommer hjem om kvelden, og blir møtt av en vennlig hånd». Slik var det for meg i dag. Det var veldig fint å vera i kyrkja, salmene var fine og sommarslege, det stod fine sommarblomar på altaret og prosten vår, Lars Sigurd, kledd i pinseraud stola, klatra opp på preikestolen, som er såpass høg i Timekyrkja at eg ofte har lurt på om eg ville bli lamma av høgdeskrekk om eg vart nøydt til å stå der oppe og tala. Så langt har eg ikkje blitt utfordra på det.
Eg fekk og gratulert Kristine og Erik som bar sin vesle Henrik til dåp i dag. Det var fire dåpsbarn, og som alltid blei eg veldig rørt av å sjå babyane omgitt av glade stolte familiar. I det heile tatt er nyfødde barn noko av det som rører meg aller mest i heile verda.
I ein av dei gamle salmene, kanskje Grundtvig eller Lindemann, song me om korte lyse netter med nattergalens sang. Kanskje me ikkje kan leggja skulda for dårleg nattesøvn på nattergalen her på Jæren i Nordavindland. Men visst blømer det fleire og fleire markblomar i grøftene for kvar dag som går, og i dag vaiar det norske flagg mellom dei kvite og grøne bjørkene i anledning pinsedag.
Her heime har eg teke grep og flytta meg med radio, mobil, strikketøy, bøker, kaffi, mobil og skrivebøker ut i utestova. Her er det faktisk blitt veldig godt og varmt, så her kan eg leika sommar og kjenna på den gode solvarmen. Ei kjøttmeis flyr til og frå og forsyner seg med frø frå fuglemataren, og sommarblomar og urter frå Vik-gartneri står fine utanfor glasveggane.
Eg sit og og kikkar på alt som skulle vore gjort av rydding og fiksing, men i dag har eg bestemt meg for å la det vera. I dag vil eg halda kviledagen heilag, og tenkja at alt som skulle vore gjort kan eg få sleppa å gjera i dag, med mindre eg plutseleg skulle få ein ustyrleg sterk trong til å gjera det. Det er då ein fantastisk tanke?
Kanskje eg skriv nokre pinsedikt, eller kanskje ein salme? Det fekk eg lyst til då eg sat i kyrkja i dag. Me får sjå kva veg vinden bles meg…
Heidi