29.mai

Melding frå Torhild i går då eg akkurat hadde rydda inn frå solettermiddag i hagestova i ly av nordavinden:
Torhild: Lyst til å besøkja oss?
Heidi: Nå med det same?
Torhild: Ja, for eksempel…
Sidan me ikkje har lyst til å slutta heilt med å vera spontane, og sidan det alltid er kjekt å vera ønska ein plass, kom me oss i bilen i løpet av eit kvarters tid.
På den innebygde verandaen til Torhild og Per Magne fortsette innandørs-sommaren med jordbær, is, banan, peanøtter, granateplefrø og kaffi. Det vart ein veldig koseleg kveld, og eg fekk med meg heimestrikka sommarskjerf i regnbogefargar i gebursagspresang.
I dag var det duka for sundagssamling, eller kanskje heller måndagssamling i heimen. Eg fekk ein idé om å gjera om kjøkken og stove til pannekakerestaurant. Det rekna eg med måtte kunna utviklast til ein grei kombinasjonsmeny for alle generasjonar. I fantasien min skulle ein stor stabel varme pannekaker serverast med sprøsteikt bacon, oppskoren frukt, ferske jordbær og bringebær, banan, non-stop, varm bærsaus, piska krem, vaniljeis, sukker og smør, og så kunne alle forsyna seg med det dei måtte ønska.
Ideen var slett ikkje verst, men det tok mykje lenger tid enn eg hadde trudd å steika løvtynne pannekaker av ti egg og to liter melk, og det gjorde seg ikkje sjølv å førebu alt det andre samtidig med steikinga. Det ende med utløysing av røykvarslar som måtte koplast ut og steiking for vidopen verandadør. Ingenting vart klart då gjestene kom, men det blei det etterkvart, og når alle gjestene er familie er det heilt greitt å måtta hjelpast åt litt…
Etterpå arrangerte mitt organiseringssøkjande eldste barnebarn diverse konkurransar, som ho delvis fekk heile forsamlinga med på. Kanskje endar dei med jobb i skulen både ho og lillesøstera på to – og eit halvt, som har oppdaga at ho får merksemda og ordet dersom ho med ei betydningsfull mine klappar ein rytme og ventar til alle ser på henne?
At oldefar var ein kløppar på å bretta papirfly overraska meg ikkje, men det viste seg at oldemor kunne det ho og. Så måtte alle skriva namnet sitt på flyet med ein kulepenn før dei skulle kastast lengst mogleg. Både mormor og oldemor lurte seg unna neste konkurranse som vart hopping i form av høgdehopp og stille lengde.
Eg fekk meg ei ny ladning med syrinar til å fylla vasane med, og oppdaga etterkvart at eg sikkert hadde hatt pannekaker nok til 8-10 personar til. Resten vart delt ut i plastboksar til dei som ville ta med heim, og resten vart frose ned.
Barnas morfar har sykla til danskebåten, og har planar om å bruka det komande tidsromet med å sykla på danske hærvegar. Nokre av oss blir att i heimlandet for å halda samfunnshjula i gang. Og nå har kvelden nok ein gong innhenta oss igjen.
Ein ny dag ventar på andre sida av vekkjarklokkealarmen.
Heidi