Sommarblogg 2023

Nå har det allereie gått ei veke av sommarferien, og me er inne juli månad som eg trur må vera den absolutte favorittmånaden min. Kanskje saman med august, men medan august er pakka inn i mogning og vemod har juli framleis venteglede og ny sommar i armane.
Sommar har me hatt ei stund, for det vart mange fine dagar i juni. Før skuleferien starta hadde eg ei nydeleg og veldig varm langhelg i Oslo, der eg var på salmeseminar og fekk med meg årsmøtet der eg avslutta styrevervet mitt i norsk hymnologisk forening. Det har vore interessant å vera med i to år, men akkurat nå har eg det for travelt til å kunna skjøtta ei slik oppgåve så godt som eg gjerne ville. Det er godt å kunna plukka ned nokre ballar, for dette skuleåret har vore veldig travelt. Me fekk landa det greitt, men eg trur aldri eg har hatt eit så travelt år før, og det seier ikkje så lite. Eg må skunda meg å seia at det er ikkje bare på grunn av jobben det har blitt slik, eg har lett for å ta på meg litt for mykje ansvar fordi det er så mykje eg har lyst til å gjera.
Eg har alltid likt at sommaren kjem med romslegare dagar og god tid slik at ein kan finna att kvilepulsen og få tenkt tankane sine ut. Ein bonus med eit styrverv i Oslo har vore at det har blitt nokre ekstra turar dit. Med to barn, eit barnebarn og anna nær familie i hovudstaden, er det alltid stas å koma seg dit. Å få vera med og bera kengurubarnet Tage medan han ennå er nokså ny her i livet er stort. Helst ville eg at alle barna mine og spesielt barnebarna skulle ha budd i mi gate her på Bryne, men Oslo er ikkje det verste alternativet. Ei halv dagsreis med tog så er eg der.
Straks skuleferien starta, reiste me til Søgne for å feira St. Hans-helga med gode venner. Det vart så fint å få ei helg i saman med to vennepar me har kjend godt dei siste 30-40 åra. Eg samlar på venner og er alltid open for å finna nye, men det er noko eige med dei som kjenner deg og historia di, og der me alle veit så mykje om kvarandre at me på ein måte bare kan skriva eit nytt kapittel i ei bok alle er godt kjende med. Jan og Hilde bur i eit hus med fantastisk utsikt utover sjøen. Desse lyse nettene rundt Jonsok er heilt magiske. På grunn av tørkeperioden me har vore gjennom fekk ingen tenna bål eller grilla, men me koste oss med open dør mot havet og spekemat på bordet.
Då me kom heim fekk me besøk av Sunniva og Tage, og eg fekk fortsetja løpet som kengurumormor.
Den vesle vennen er blid og sosial, men liker seg best når han sit på fanget eller er spend fast i beresele tett inntil ein vaksen kropp. Det er fint å sjå barna mine i rollen som omsorgspersonar, og det er aller best å få prøva seg i rollen som omsorgsperson sjølv og. Etter å ha vakse opp med fire fantastiske besteforeldre som alle kjendest som ganske nære personar, har eg høge tankar om kor viktig besteforeldre er.
Nå er dei to feriegjestene tilbake i Oslo, og Ingrid og Oddvar har teke med seg jentene og reist på ferie. Det vil seia at tida er komen for at mormor må gjera litt andre ting enn å bera barnebarn, leika og kosa seg. Her er det store mengdar rot å rydda opp i. I går haldt eg på i time etter time på arbeidsromet, eit forsømt rom og kapittel over litt for lang tid. Nå kjem det seg, men framleis er det nok å ta tak i. Samstundes hadde eg håpa at eg i løpet av sommaren kunne få gå gjennom alle tekstane og dikta eg har liggjande ferdige og halvferdige i bunker og notatbøker. Det er fire år sidan siste eg gav ut diktbok, så nå synest eg tida kunne vera mogen for det igjen. I samband med det var eg inne og leita her på bloggen min, for eg visste eg hadde nokre tekstar der eg kanskje kunne bruka.
Då eg sat og las meg fire år tilbake vart eg glad for alt eg har skrive her. Om ingen andre skulle hatt interesse av å lesa det, så er det for meg ein form for levd liv i hermetisert form som eg set pris på å ta med meg vidare. Det var då eg tenkte at eg måtte skriva sommarblogg i år og. Det var bare å koma seg i gang.
Noko anna eg har ambisjonar om å gjera i sommar er å vera flink til å koma meg ut på tur. I dag lurte Leif på om eg hadde lyst til å bli med ut og sykla. Det var ganske fint ver ute, og etter eit par våte, grå og kjølege dagar passa det godt å koma seg ut på sykkel.
Me tråkka oss gjennom sommardagen sørover Jæren, og eg kjende på kor glad eg er i dette landskapet mitt med beitemarker og åkrar, markblomar i grøftene, masse fuglar, beitande kyr og sauer og forblåste vindskeive tre. Får me ein sommardag på Jæren med 18 varmegrader, sol frå lettskya himmel, forsiktig vind som ikkje er iskald, då er me godt nøgde og har det godt. Det gjer ikkje noko om ein må sykla med ein strikkejakke over sommarkjolen eller om me for å vera litt tryggare har med oss regnklede i sidetaska på sykkelen. Får me ikkje bruk for å plukka fram det siste, så er det rein bonus.

Me sykla ned til Wiig-stranda i dag der havet gjekk høgt og skummande. Det lukta av rotnande tang og tare og av salt sjø. Me hadde ikkje med oss badetøy, og det var heilt i orden for det var avkjølande nok å vassa litt. Eg har eit sterkt og intenst forhold til jærstrendene. Av og til må eg bare ned dit. Pulsen frå bølgjene og den vide opne horisonten får noko i livet mitt til å falla på plass. Det høyrest voldsomt ut, men eg får ikkje til å forklara det betre, og dei som har det på same måten som meg veit kva eg meiner…
Utpå ettermiddagen fekk me veldig gildt besøk av Torun. Heldige meg som kjenner så mange gilde folk. God juli, alle saman!
Heidi