Ein smak frå skriveøkta

Nå sit eg her på eit nestenrydda kontor og flikkar på tekstar eg har liggjande. Sidan eg opna ein sommarblogg i går kan eg jo by på eit av dikta eg jobbar med.
Eg har tenkt mykje på kva som gjer ein barndom trygg og god, og kva som gjer at barn kjenner seg elska og ivaretatt. Eg trur ikkje det finst fasitsvar. For meg var besteforeldre ein viktig faktor i barndomen medan andre barn kan ha ein utmerka barndom heilt utan besteforeldre. I diktet prøver eg å få fram at det uperfekte kan vera meir enn godt nok for eit barn. Nå lurte eg på om eg skulle sletta dette avsnittet, fordi eg synest folk skal lesa dikt utan å bli fortald kva dei handlar om. Nå, ja. Det får vera som det er. Det er ikkje sikkert at dette diktet kjem på trykk eller at det blir slik som dette, men det får duga som ei føremiddagshelsing frå meg.
Eg er usikker på om bestemor kjende til blomen blå valmuesyster, men ho var veldig glad i blomar og elska akkurat denne blåfargen. Derfor gir det meining å illustrera teksten med dette biletet.
Bestemor sitt kjøkken
Bestemor sitt kjøkken hadde vore lyseblått
med flortynne blondegardin
og smårutete vindu om ho hadde fått bestemma.
I det verkelege livet var skapdørene brune,
og i dei syntetiske gardina var det små hol
brennemerka av morfar sine rastlause sigarettar.
Luktene på kjøkkenet var som ho hadde ønska,
varme lukter av nysteikte kjøttkaker
og nykokt havresuppe,
sommarfarga lukter
av nykokt saft og syltetøy
solbær, rips og stikkelsbær,
med kokte glovarme flasker
i rekkjer og rad på benken
klare for å fyllast med varm saft og korkast igjen.
Kaffikjelen alltid klar på plata,
kaffisilen på benken ved sida av
sukkarbiter i ein opna pakke på benken
og asjettar med wienerbrød frå Sverres konditori.
Lag på lag med wienerbrødflak,
tytebærsyltetøy i midten,
ei stripe gul eggekrem på toppen,
den eg likte å spara heilt til slutt,
tjukk stiv, kjøleg melisglasur heilt øverst.
På ein stålstol med blått plastsete
sit den vesle tynne morfaren min
sixpencelue med trykk-knappen i panna kneppa igjen.
Han drikk kaffi med mjølk frå eit lyseblått tefat.
og et wienerbrød
sjølv om munnen er nesten utan tenner.
Bestemor sitt kjøkken var brunt og ikkje lyseblått.
Bestemor sitt kjøkken var ein god plass å vera barn.
Heidi