Norsk sommar

Som dei fleste veit så er ikkje norsk sommar heilt det same som sommar i syden. Skal me vera brutalt ærlege, så er nok ikkje norsk sommar heilt det same på vestlandet som på austlandet heller… Men dersom me legg til sides tanken på antal varmegrader og antal solskinsdagar me synest me har rett til å forventa av ein sommar, så vil eg slå eit slag for at vestlands-sommar, eller endå meir spesifikt, sommar på Jæren.
Sommaren på Jæren har mange kvalitetar og er heilt fantastisk så lenge du ikkje bare ser for deg lange dagar på eit handkle på stranda eller å symja rundt i behageleg varm sjø. Slike dagar kjem nesten kvart einaste år, men ein kan aldri planleggja når dei kjem. Ein må bare snu på hælen og gripa dei i lufta mens dei er her.
Etter høljeregnet i går hadde dei lova oss opphaldsver, solgløtt og pålandsvind i dag. Torun og eg bestemte at det måtte vera ein fin dag til ein langtur langs strendene. Sidan me bokstaveleg talt er mest bevandra frå Borestranda og sørover, fann me ut at me ville gjera det motsatte i dag. Me starta ved båthusa på Sele og gjekk nordover. Me vart ikkje skuffa, naturen der er heilt fantastisk. Bortsett frå nokre surfarar nordst på Hellestø og nokre vassande personar på Vigdel, hadde me strendene nesten heilt for oss sjølv. Det er ein luksus ein ikkje finn så mange andre stader i verda, milevis med fantastisk flotte strender der ein slepp å gå i kø, eller å liggja nesten oppå handkleet til andre som er der.
Lyset var fantastisk, havet blenkte i alle nyansar av blått og kvitt, grønt og lilla. Svalene flaug lågt langs havkanten, truleg for å snappa til seg tanglopper. Tjelden vassa rundt med høgfrekvente skrik, ærfuglar duppa i bølgjene, og måkane sviktar aldri.

Me gjekk langs steinstrender og sandstrender, og nokre gonger litt oppe i marehalmen og sanddynene for å koma fram. I enden av Hellestøstranda fann me oss ein lun plass til medbrakt salat, kaffi og lefse og lappar frå jærbakaren. Me hadde planar om å bada, men sjølv om sola skein heile tida var vinden så pass kjøleg at me i første omgang nøya oss med litt vassing.
Då me kom tilbake til bilen juksa me litt og køyrde vidare til Ølberg. Der visste me at dei sel sånn omtrent den beste softisen i heile verda, og i tillegg tenkte me at det kanskje var litt mindre kald vind med tanke på bading. Eg er glad i å bada, men må innrømma at eg er ein lystbadar som helst ikkje piner meg uti iskaldt vatn med mindre det er varmt nok til å kunna kosa seg i vatnet når ein først har gjennomlevd prosessen med å koma seg under… Torun er derimot ein pasjonert badar nesten uansett temperatur, og eg hadde nesten lova henne at eg skulle bada i lag med ho. Eg klarte det nesten. Badedrakta vart i det minste våt på den nederste brøkdelen. Eg prøvar å læra ungane på skulen at det er lov å seia nei og visa respekt for eigne grenser, akkurat det praktiserte eg i dag, medan den langt tøffare venninna mi som meiner at ein må symja minst sju tak for at eit bad skal vera gyldig, gjorde akkurat det…
Etterpå var det på med varme jakkar, og så vart det softis på ein gammal trebenk. Etterpå kjøpte Torun med seg nykokt krabbe heim til faren sin. Då me stoppa hos oss for at ho skulle få med seg tilbehøyr frå plantekassane våre som dill og persille, insisterte ho på at me måtte få nokre klør slik at me og fekk smaken av krabbe. Det gjorde me. Det smakte sommar av eit krabbesmørbrød med grovt grytebrød, smør, salatblad, sitron, majones og dill.
Dersom nokre treng sommartips for gode dagar i vårt hjørne av verda, slår eg eit slag for vandringar langs strendene. Det er ein fantastisk måte å nyta naturen, god tid og lange samtalar med ein du liker å ha lange samtalar med. Som eit alternativ går det utmerka godt an å vera tause og, det er så mange andre lydar der at det aldri vil vera feil det heller.
Og i fare for å bli oppfatta som litt einspora: I morgon lovar eg å skriva om noko anna enn jærstrendene.
Heidi