Gå til innhald

Det store eventyret

juli 6, 2023

Det eldste barnebarnet mitt vart tidleg veldig oppteken av eventyr, akkurat som eg veit at eg var det då eg var lita. Det begynte med Bukkene Bruse og Rødhette, og dei eventyra skulle forteljast om igjen og om igjen, helst med dei same detaljane og med diverse innspel frå barnet.

Då eg studerte forteljarteknikk lærte me at det å fortelja barn eventyr var med på å bearbeida framtida og gjera dei sterke nok til å bera sine eigne liv. Eventyra handlar nemleg i litt forkledd form om alt som seinare skal skje dei.

Desse tankane fekk meg til å skriva dette diktet. Eg byr altså på eit dikt frå bunka mi i dag og, og tek gjerne i mot innspel om form og innhald. Eg sit her og leitar fram tekstar eg har skrive dei siste fire åra og prøvar å finna ut kva som er godt nok til å ta med meg vidare. Eg har minst 250 dikt, og tenkjer at eg kanskje må luka ut halvparten og jobba med å gjera den andre halvparten bra nok for utgjeving. Det er spennande og vanskeleg arbeid. Eg er på ein måte litt engsteleg for å bare gjenta meg sjølv og ting eg har skrive eller sagt tidlegare.

Så får me sjå kor langt eg kjem. I dag har mesteparten av dagen blitt brukt til nødvendig rydding og til ein koseleg middag i lag med foreldrene mine. Sommardagane går så fort, akkurat som alle dagar går så fort. Det hjelper bare litt at nettene er lyse. Eg gjentek ønsket om fleire timar i døgnet. Eg er til og med medlem av ein veldig liten klubb som jobbar for det målet, men så langt har me på ingen måte lukkast.

Eventyret

Du veks og lærer om tramping
på trollet sine bruer,
om blomsterplukking
i ulven sine skogar,
for snart er det du
som skal sova som Tornerose,
kyssa froskar i lag med andre prinsesser,
og sleppa det lange håret ditt ut frå tårnet,
akkurat som Rapunzel.

Du skal ri på kvitebjørnen,
dansa med dvergar,
stikka deg på lange torner,
og bita forsiktig i forgifta eple.

Du skal dansa deg til Soria Moria slott
og bli flydd av ville svaner
i eit fletta nett over havet.

Du skal gå barbeint over myrene
og samla myrull og brennenesler
for å veva kvite skjorter.

Du skal slå fylgje med Hans og Grete
og brekka forsiktige bitar av kakehuset.
Du skal nesten målbinda Askeladden,
og fly til fjerne land med Tommelise.

Du skal gjera det umoglege, barn,
klatra opp på det brattaste berget
og berga prinsen din frå heksa.

Du skal leva og veksa deg sterk nok
til å løfta livet som ein prikkete hest
på strake armar over hovudet ditt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget