Gå til innhald

Full sommar på Jæren

juli 9, 2023

Som eg skreiv i sist veke, når sommarvarmen kjem til vårt hjørne av verda må me bare snu oss fort rundt, gripa dagane i lufta og nyta dei.

Sommarvarmen har skjedd oss nå i helga. Plutseleg hadde me blå himmel, varm sol og fleire-og-tjue grader. Då slepp ein det som sleppast kan av det ein har i hendene og let livet skje.

Me har sommargjester i helga, og det er ein fin kombinasjon med sommarvarme. Eva Mari, Henrik og hunden Lara kom på fredag kveld, og frå i går av har me og hatt besøk av barnebarnet deira, Hugo frå Stavanger, som har overnatta her i natt. Når ein får besøk av ein liten gjest som snart skal fylla tre, er det ganske praktisk å ha eit hus fylt av leiker, tripp-trapp-stolar og barnesenger, og leikestova i hagen vart og sett stor pris på.

I går tok eg og Eva Mari med oss Hugo på badetur til eit vatn i nærleiken, og jammen fekk eg ikkje innleia badesesongen med ein liten symjetur. Då har eg bada i år og, og eg reknar med at det blir meir bading etterkvart.

Nå har gjestene våre reist på badetur med den yngste gjesten, og skal samtidig avlevera han trygt heime hos foreldra. Planen vår er at me skal slå fylgje med gjestene austover på tysdag, og då kjem me til å vera borte i dryge tre veker. Den eine veka skal me på Korsveifestival og bu i telt, så det er ganske mykje som må tenkjast gjennom og mykje som må pakkast. Me har kome litt i gang, så det går nok bra.

Det andre eg har kome godt i gang med er første bearbeiding av tekstar til ny diktsamling. Eg har printa ut nøyaktig 303 dikt, noko som er 2-3 gonger så mange som eg treng for å laga ei diktsamling på omtrent same storleiken som dei eg har laga dei siste åra. Det betyr fortsatt hardt arbeid med utvelgjing, forbetring og tematisk sortering. Eg har tenkt at det er ei oppgåve eg skal jobba litt med kvar dag i sommar. Det et slikt arbeid som kan la seg gjera på «heimekontor» same kor eg måtte befinna meg.

Elles har eg, inspirert av det britiske syprobrammet «Sewing bee», lappa to favorittsommarbukser som eg har slite hol i… Det kan jo diskuterast om damer på 60 + burde ha forstått at deira tid med lappa bukser burde vera tilbakelagt, men me får vifta med berekraftsvimpelen om det trengst.

I fylgje vermeldinga skal regnet koma i kveld/ natt, så nå får me nyta tida fram til det som rein nåde. Leif har eit lammelår i omnen til sein middag når gjestene våre kjem tilbake, og dei siste dagane har han varta opp opp med både nysteikte rundstykke, heimelaga knekkebrød og heimekokt rabarbrasaft. Ikkje verst.

Fleire sommartekstar kjem etterkvart. Bare heng med.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget