Gå til innhald

Allsång i ein park i Strömstad

juli 12, 2023

Med ein reisekamerat som har nase for å snusa opp slikt som foregår, sit me nå i ein bitteliten park ved ein musikkpavinjong der mannen i grønt leier ei lita forsamling i allsong på ein svært entusiastisk måte. Band har han med seg og. Det dryp ein og annan regndrope, men me syng med så godt me kan frå benken vår:» Jag tror, jag tror på sommaren, jag tror jag tror på sol igen»…

Så langt kom eg på blogginnlegget i parken… Så tenkte eg: «Nå må du skjerpa deg, Heidi, legg vekk mobilen, om ikkje anna så av respekt for dei som står der framme og legg all sin entusiasme i å prøva å få folk til å slappa av og kosa seg…

Først hadde eg nok ein liten ironisk distanse til heile arrangementet, men så vart eg riven med. Det vart rett og slett litt sterkt då alle måtte reisa seg og synga vidare på stikkorda «reste sig och sa:» » Det finnst inga soldatar mer, det finst inga gevär, och ingen känner längre til det ordet militär»… Eg må innrømma at det er ein draum som lever sterkt i meg endå. Og svensktoppane frå 60-talet viste seg å dukka opp frå gøymde rom i minnet då dei skulle syngast. Rare greier. «Men för all del, jag kan ha fel» og «Släng en slant uti brönnen och önska dig nån ting». Det er noko fint med å synga saman. Eg såg nesten for meg eit liknande arrangement på Bryne Torg med band, trekkspel, godt humør og Ståle Ree i grøn dress på scenen… Så dersom du skulle lesa dette, Andreas Vollsund…

Då me gjekk tilbake til hotellet segla «Misjonsskipet Elida» ut frå hamna mens ein gjeng mannskap og syngande ungdomar stod på dekk og song velsignelsen. Det var òg fint å få med seg. Nå sit me i hotell-foajéen der ein norsk duo syng og spelar jazz og gamle schlagarar. Det er utsikt over havet gjennom vindauget og gode forhold for sommarblogging.

I går hadde me lang dags ferd til Bærum med eit ver som best kan beskrivast som ein dusj utan sparehode på full guffe med opne kranar heile turen. Vel framme vart me belønna med Eva Mari sine nybakte naanbrød og chicken tandoori. Ho hadde brukt forspranget på nokre timar godt og omsorgsfullt.

I føremiddag var me innom i Helgesens gate og fekk nokre timar med det yngste barnebarnet som for tida er smilande, trillande rund og glad i å «prata». Det er alltid vanskeleg å riva seg laus frå han. Han er framleis så ny i verda at kvar gong eg ser han igjen etter nokre veker så har han utvikla seg og lært noko nytt.

Me stoppa på Nordby storsenter, rett over grensa på «Svinesund» for å eta lunsj ein stad inne på grunn av regnet. Det var eit gigantisk kjøpesenter, og då me kom inn virka det som om fleire millionar nordmenn hadde fått det for seg å bruka dagen på svenskehandel. Det var lange køar framfor toaletta, lange køar for å kjøpa hamburgarar og kø for å koma inn ein stad og kjøpa pizza. Me havna i kø framfor ein «food-court (!))» med thailandsk buffet. Det var trongt om borda der og. Me ende med å dela bord med ein veldig jovial og hyggeleg trønder. Han sa at me bare måtte flytta på veska til kona hans, som var for å henta seg mat, og setja oss ned. Så innleia han med å seia at maten der var kjempegod. Eg kjende at det å møta eit positivt og hyggeleg menneske var det eg trengte der og då. Eg hadde køar, trengsel og kjøpesenter heilt i halsen og lurte på korfor me hadde stansa der. Eit smilande menneske som såg ut til å nyta staden og maten var akkurat det eg trong før eg henta meg vårrullar, ris og dumplings og kjende at livet datt på plass.

Eg tenkte der og då at dette måtte eg slå eit slag for i dag på bloggen. Rett og slett formulera ein skriftleg honnør til hyggelege, vennlege og positive kvardagsmenneske som er med på å gjera livet til ein triveleg plass for oss andre.

Ha ein fin sommarkveld, alle saman. 🍓

Heidi

Paviljong

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget