Gå til innhald

Lund i Skåne

juli 13, 2023

Me ladar bilen utanfor Lund. I dag har me kjørt heile dagen for å koma oss sørover. Planen var å koma seg til Ystad, men det viste seg å vera vanskeleg å finna overnattingsplass det i to netter, så vart det Lund i staden. Eg har ein merkeleg dragning mot å koma til stadar som liknar ein heil del på det me har heime… Her i Skåne er det flatt som heime på Jæren, når me er litt oppe i høgda har me utsikt over havet og vindmølleparkar. Det bles såpass at bilen ristar litt her me står, og nå kom det ei regnbyge og… Det får me tola. I dag har det nesten ikkje regna.

Den pausen me har hatt i dag hadde me i totida då me lada sist. På bensinstasjonen/ladestasjonen var det nokre små restaurantar, så det kunne kombinerast med å få seg litt mat. Jammen ende me ikkje opp med thailandsk buffet i dag og. Det smakte veldig godt. Lydbok og strikketøy er òg gode greier på lange bilturar. Eg oppdaterer nærare utpå kvelden.

*

Og nå er tida komen for litt oppdatering. Biletet øverst er frå hotellet det me bur «Scandic Star» ca 4 kilometer utanfor Lund sentrum. Hotellet er gigantisk, og resepsjonsområdet er utforma som ein stor bakgard med tak over. Det er det som viser på biletet. Inntrykket er litt kaotisk med palmar, ein bar, ein restaurant og diverse skap det ein kan kjøpa mat og drikke. Det positive er at det er veldig tilrettelagd for barn (bortsett frå baren). På golvet er det malt eit paradis, det er eit stort bord det barn og vaksne kan sitja og perla skjermer barn kan leika på og ishockey/fotballspel.

Me fekk eit rom i 4.etasje og fann ut at me måtte ta ein tur ned til sentrum. Lund er kjend for den store gamle domkyrkja, at det frå gammalt av har vore ein sentral stad i svensk kyrkjehistorie, og ikkje minst for å vera ein gammal universitetsby. Alt dette såg me tydelege spor av i byen. Me må få med oss ein tur i domkyrkja og ein tur innom den store bokhandelen like ved.

Me vandra litt i gatene i området rundt domkyrkja. Det hadde slutta å regna, og det var i grunnen ganske godt og varmt ute. Sidan me åt varm mat midt på dagen, nøydde me oss med å dela ein bagel og ein havremuffin på Espressohouse. Me gler oss til å sjå meir av den store verda i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget