Kåseberga, Ales stenar, Ystad og Lund

I dag har me hatt ein utruleg fin og innhaldsrik dag. Etter frokost sette me oss i bilen med tanke på å få mest mogleg ut av dagen, for dagane går så fort, og på denne turen er dei ikkje så mange.
Sjølv er eg ingen stor konsument av krim, verken i bokform eller på skjerm, men reisekameraten kunne opplysa meg om at nå var me i Kurt Wallander-land. Altså Henning Mankell sin mest kjende krim-antihelt-etterforskar for dei som veit like lite som meg…
Sjokkert over mine manglande kunnskapar på krimfronten, bestemte han seg for at det måtte me gjera noko med. Det viste seg å liggja fleire lydbøker om Wallander på Fabel, så me sette på ei av dei. Det var verkeleg litt spesielt å høyra landskapet me kjørde gjennom bli beskrive medan me kjørde og me såg skilt mot dei same plassane som dei hovudpersonen i boka kjørde til.
Dette landskapet kan kanskje beskrivast som typisk dansk iblanda ein porsjon jærsk natur. Me såg til og med skilt til «Tinghøg», og kjende oss nesten heime. Mindre kjend var alle fareskilta med bilete av eit villsvin, som altså betydde at me måtte passa på for her kunne villsvin plutseleg springa ut i vegen. Me såg ingen villsvin, og det var sikkert like bra, me ville i alle fall ikkje ha dei i panseret. Langs vegen var det gule kornåkrar med dei ville valmuene og andre ville blomar innimellom kornet.
Vegskilta viste veg til «Tommelilla», noko eg tenkte måtte vera det koselegaste namnet som tenkjast kunne på eit område. Eg oppdaga etterkvart at det kanskje kunne vera ein campingplass.
Me kom til ein plass som heitte Kåseberga, der var det ein stor parkeringsplass der folk parkerte bilane sine, og så gjekk ein til fots inn i eit veldig triveleg fritidsområde med fin natur og små gardar, gjestgiveri og kafear i hagar og bakgardar. Me fulgte ein grusveg opp på ein stor haug med beitande kviger for å koma til målet, «Ales stenar» . Dette var ei stor samling store steinar sette opp i ein stor nesten båtforma oval. Desse har stått der i uminnelege tider, men ein er framleis ikkje heilt sikker på funksjonen.
Det går an å bruka steinformasjon som eit stort solur, der skuggane fell på ein spesiell måte på spesielle tidspunkt. Dei kan og ha vore brukte som ein måte å peila ut kursen på havet på. Som du ser på biletet bak meg så ender haugen som ein stor sandklitte ned i havet. Det kan og vera at steinane kan ha vore ein form for religiøs kultplass.
I alle fall var det veldig vakkert der oppe, og det som var endå meir spektakulært enn steinane var at ein gjeng kitarar, med ovale fallskjermar fulle av snorer, segla fram og tilbake over klittene og stranda som store fuglar. Dei segla opp og ned og fram og tilbake i oppdriftsvinden frå havet. Dei flaug rett over hovuda våre, me såg ansiktsuttrykka deira og kunne nesten ha ført ein samtale med dei. Den eine kjørte tandem, eller hadde med seg ein passasjer. Dette må vel vera der nærmaste ein kan koma det å prøva ut det frie fuglelivet. Eg klarte å forstå at det må vera ei fantastisk kjensle å fly på den måten, sjølv om eg hadde høgdeskrekk på deira vegne.
Etter føremiddagstimar på Kåsaberga reiste me til Ystad som var ein nydeleg liten by, og som kunne by på fint sommarver.
Etter ei stund skilde me lag for at begge kunne gjera det me hadde mest lyst til. Eg kjøpte barnebøker, ei svensk diktbok, ein Edith Södergran-biografi og knappar til skuldrene på to barnegenserar. Eg var og innom ein brukskunstbutikk.
Så reiste me til Lund, og denne gongen fann me domkyrkja open, i alle fall ei lita stund. Me fekk sjå oss om, tenna lys og sitja litt der i ro og ettertanke, det var fint.
Middag vart det òg i dag. Me åt på ein liten italiensk restaurant ute i ein bakgard under store heildekkjande parasollar. Eigentleg hadde dei ikkje plass til slike som ikkje hadde bestild bord, men dei klarte å klemma oss inn på eit tomannsbord visd det var ok for oss at andre fekk bordet halv åtte. Det var det nesten halvannan time til, så det gjekk fint. Eg hadde pastaputer med soppfyll og trøffelsaus med ost og kvitlauksbrød til Det smakte kjempegodt. Fredagen vart avslutta med kaffi ein annan plass og litt vandring i gatene. I morgon må me vidare. Det er nesten synd, for det er så fint her. Kanskje me kjem igjen ein gong…
Heidi