Sundag føremiddag i Vadstena

Eg har nokre favorittstadar i verda: Köbenhavn, Skagen, Amsterdam, Trondheim, Berlin… I fjor vart Vadstena lagt til lista og hamnar kanskje øverst på denne lista. I fjor vart eg heilt forelska i denne plassen med dei koselege gamle bygatene, klosterlivet, den fantastiske utsikten over Vättern frå soveromet hos nonnene, pilgrimssenteret, klosterhagen og den spesielle atmosfæren. Eg vart kjempeglad då me oppdaga at vegane våre gjekk omtrent slik at me kunne få sundag føremiddag i Vadstena.
Det regna heftig då me kjørde dit, og det regna framleis så pass då me kom dit at det var greitt me hadde paraply og regnkåpe i bilen.
Eg har tidlegare syntest at det er fantastisk å feira gudtstenester i Nidarosdomen, så det å få med sundagsmesse i Vadstena pilgrimskyrkje var noko eg hadde veldig lyst til.
Gudstenesten hadde eit veldig høgkyrkjeleg preg med inngangs og utgangsprosesjon, evangelieprosesjon og to deltakande prestar, den eine var liturg og den andre hadde preika. Det var veldig mykje liturgi på for meg ukjende liturgiske melodiar. Eg synest sungen liturgi er vakkert, men ein kjenner seg litt kyrkjeframand når ein ikkje klarer å henga med på songen. Ei lita stund var eg faktisk inne på tanken at dette kanskje var ei katolsk messe, og ikkje i regi av svenska kyrkjan, men slik var det ikkje.
I både Sverige og Danmark har dei så vakre sommarsalmar. Me song ein av dei i dag, det var veldig fint. Eg får lyst til å skriva noko lyst og fint og sommarleg. Det eg tek mest med frå sjølve gudstenesta er nok presten sine ord om å våga å fylgja å tru at kjærleik er sterkare enn ondskap, lyset sterkare enn mørket og livet sterkare enn døden. Han avslutta med å lesa det som blir kalla Frans av Assisis bønn. “Herre gjør meg til et redskap for din fred… » Det er ei bøn det er lett å gjera til si.
Då gudstenesten var over hadde det slutta å regna og me kunne gå ut i solskinet. Me rusla rundt i gatene, fann ut at pilgrimssenteret dessverre var sundagsstengd. Såg igjen klosteret det me budde sist og sette oss på ein benk og såg ut over Vättern der nokon bada.
Eg kjende ei viss dragning mot eit fantastisk konditori med verdens koselegaste bakgate der me var i fjor, men rrisekameraten klarte å overbevisa meg om at me heller burde støtta pilgrimskafeen i klosterkyrkja. Så vart det eit rekesmørbrød og ein kopp kaffi der i staden.
Me gjekk forbi ein benk det det stod eit skilt om at dette var ein poesibenk. Ein skulle scanna ein QR-kode, så kunne ein setja seg på benken og høyra eit passande dikt bli lese opp på mobilen. Det måtte me prøva. Det var ein fin idé. Eg lurer på kor mange som tek seg tid til å gjera det.
Her ville eg aller helst ha sett inn mange bilete frå Vadstena, men eg slit for tida med å leggja ut bilete på bloggen fordi eg ikkje har meir plass. Kvar gong eg vil leggja ut eit bilete må eg stryka eit frå eit eldre blogginnlegg. Slik vil eg helst ikkje ha det, så eg prøver å finna ut av det. Eg kan leggja ut nokre bilete i kommentarfeltet på facebook.
I dag tok me oss tid til å velgja langsame vegar nordover. Me kjørde langs innsjøen, så på vegar gjennom skogar med små røde hus i klynger omtrent slik eg har forestilt meg at det er i Bakkebygrenda. Me såg og ein rovfugl som flaug fram og tilbake over engene på jakt etter mat. Det er fint å ha god til til å kjøra gjennom svensk sommar.
Nå har me landa i Karlstad og har vore ute og ete italiensk til kvelds. Eg hadde ein vegetarisk rett, pastaputer med fyll av ost og pære i gorgonzolasaus med svart pepar, hakka valnøter og friske urter. Det var godt.
I morgon kjører me tilbake over grensa og avsluttar Sverigeturen for denne gongen. Snart blir det Korsveifestival og så Osloferie.
Heidi